Komande måndag har innbyggjarane i Hareid høve til å seie ja eller nei til kommunesamanslåing med Ulstein. Det må sjølvsagt vere opp til den enkelte kva dei vil røyste. Oppmodinga her blir at alle røysteføre brukar stemmeretten sin.

Dårleg valdeltaking kan tolkast til at innbyggarane ikkje bryr seg. 19. mai i år, då innbyggjarane skulle røyste over alternativa eigen kommune, Runde kommune og Ålesundregionen, var valdeltakinga på 44,2 prosent.

Dette er ikkje godt nok. Ein del hevda då at dei heldt seg heime fordi Ulstein ikkje var noko alternativ.

No finst det dei som meiner dei vil halde seg heime fordi dei ikkje lenger har tiltru til den politiske leiinga i Hareid. 19. mai sa 72 % av veljarane at Hareid skulle halde fram åleine, og dei meiner folkerøystinga måndag er ein hån mot folkeviljen.

Hareid kommunestyre gjorde ein tabbe då dei 17. mars sa nei til invitasjonen frå Ulstein om å gå i forhandlingar om intensjonsavtale for kommunesamanslåing.

Det ryddigaste hadde vore at veljarane 19. mai hadde Ulstein og Hareid åleine som eitt av fire alternativ. Men slik vart det ikkje.

Måndag blir det ny, rådgjevande folkerøysting. Å sitje heime bør ikkje vere noko alternativ.