I laurdagsavisa skriv vi om Kleven som har teke inn rekordmange lærlingar. Fordelt på Myklebust og Kleven Verft er det no 38 lærlingar ved verfta. I ei tid då offshorebransjen slit, og mange i maritim næring står utan arbeid, kan det verke noko sjølvmotseiande at Kleven satsar på lærlingar. Ein del av forklaringa er sjølvsagt at Kleven har mange oppdrag. Men med dei mange lærlingplassane sender Kleven ut eit signal om at dei har tru på skipsbyggjarnæringa også i framtida.

Mykje tyder på at det ikkje vil bli bygt så mange offshoreskip i tida framover. Men skip vil det bli behov for også i framtida. Det er lenge sidan mennene på Sunnmøre reiste på fiske i sunnmørsåttringar. Fiskeri er ein bransje i vekst, og det vil bli behov for nye og avanserte fiskebåtar og forbåtar til oppdrettsanlegg. Installasjonar for vind- og bølgekraft til havs skal byggjast, ferjeflåten må fornyast, frakteskipa må bli meir miljøvennlege og etter kvart blir det nok endå fleire hurtigruter som skal bytast ut. Også cruiseskipsnæringa har banka på dørene til skipsdesignarar og skipsbyggjarar i regionen, og dei første yacht-skipa har alt blitt bygde ved Kleven. Omstilling vil vere ein nøkkel for at Norge framleis skal vere ein skipsbyggjarnasjon.

I omstillinga vil det vere behov for dyktige medarbeidarar, og det tek Kleven no konsekvensen av.