Den som vandrar gjennom Hareid sentrum kan ikkje unngå å merke seg at ting står noko til forfalls. Nedlagde butikkar, ugras langs betongkantane, ein snau «1000-årspark» og skranglete leikestativ er berre litt av det som gir eit dårleg inntrykk. Det er derfor fint at det til møtet i nærings- og miljøutvalet neste veke ligg føre ei tilråding om å yte Hareid næringsforum inntil 95.000 kroner av næringsfondet, slik at butikkane kan få profilert handelen i Hareid betre.

I søknaden sin skriv næringsforumet også at dei er innstilte på å delta i prosjektet «sentrumsforskjønning», eit prosjekt som er starta av ei gruppe som kallar seg «Hareidspatriotar».

Kanskje kan det vere ein idé å knyte denne gryande tanken om forskjønning av Hareid sentrum opp mot behovet for eit nytt legesenter. Dersom kommunen ikkje lykkast i planen med å byggje eit nytt helsesenter i løpet av kort tid, må legesenteret uansett bytte lokale. Dagens legesenter blir drive på dispensasjon.

Eit nytt legesenter, plassert i Hareid sentrum, der det også er andre funksjonar, som til dømes butikkar og leilegheiter, kunne både gjort Hareid sentrum vakrare og gitt bygda ein optimistisk piff. Begge deler trengst.