Hareidsstemna 2016 går mot slutten. I løpet av veka har vi fått mange gode kulturopplevingar, og det er all grunn til å rose også dei som år etter år står i bakgrunnen og syter for gjennomføringa av Hareidsstemna. Dei siste åra har barn og ungdom blitt trekt sterkare inn i Hareidsstemna, og dette er ei både rett og viktig utvikling.

Vi såg det i Musikklaget Melshorn si musikal-oppsetjing, der 6.-klassingar frå Hareid skule, pluss ein del eldre ungdomar var med som songaktørar, og vi såg det under konserten til LaKris, der både Hareid Mini- og barnekontor, Fifaliana og Spirit var ein viktig del av konserten.

At Hareid musikk- og kulturskule har fått sin eigen programkveld er ogå viktig. Dei briljerte i Hareidshallen i fjor, og dei briljerte i Hareidshallen no onsdag. I år samarbeidde kulturskulen med 10.-klassingane ved Hareid ungdomsskule, og «Løvenes konge» vart ei imponerande framsyning.

10.-klassingar var også med på å servere ball under mållaget si «Balljegove» på Holesanden, og under stemnefesten i kveld skal elevar frå Brandal friskule vere med i programmet.

Å føre framtida inn i det tradisjonsrike Hareidsstemna er viktig for rekrutteringa. På den måten kan Hareidsstemna bli ein naturleg identitet også for nye generasjonar.