Om lag 65 millionar menneske er på flukt i dag. Nærare 5000 drukna i Middelhavet i fjor – på flukt frå krigshandlingane i Syria og Libya. Kor mange som har døydd i ørkenområda veit vi ikkje. I Norge hadde vi i fjor ein oppheita debatt om kor mange flyktningar vi skulle ta imot. Enkelte vil stenge grensene heilt, andre vil hjelpe flyktningane der dei bur - og nokre meiner vi må ta imot så mange som råd.

Tysdag denne veka starta Leo Ajkics sin TV-serie «Flukt» på NRK1. Dagbladet sin meldar brukar denne tittelen etter å ha sett første episode: «Du skylder deg sjølv å se denne serien».

«Flukt» handlar om den dramatiske flyktningkrisa, og i episoden komande tysdag får vi vere med når «Siem Pilot» plukkar opp menneske frå Middelhavet og fraktar dei til Italia. Serien går tett på flyktningar. Vi får sjå menneske med angst, frykt og håp. Vi kjem nok også i år til å krangle om kor vidt dei som flyktar er lykkejegerar eller menneske i stor naud.

Leo Ajkic innrømmer at han har ein agenda med TV-serien, han er sjølv flyktning frå Bosnia. Ajkic vil ha oss til å tenke over kva menneska på flukt har ofra, kva dei har forlate og kva dei har risikert for å kome til eit tryggare land.

Serien har fem episodar. Sett på TV-en tysdag og skaff deg eit innblikk i liva deira.