Leo Ajkic er programleiar for denne viktige serien, der ein får innblikk i kvardagen til menneske på flukt.
(Foto: Nordiske Mediedager/Wikimedia Commons/Flickr.)

Leo Ajkic er programleiar for denne viktige serien, der ein får innblikk i kvardagen til menneske på flukt. Foto: Nordiske Mediedager/Wikimedia Commons/Flickr.

Ta deg tid til å sjå «Flukt»

Det er oppmodinga redaktør Anne Gry Eilertsen kjem med i denne leiaren.

Om lag 65 millionar menneske er på flukt i dag. Nærare 5000 drukna i Middelhavet i fjor – på flukt frå krigshandlingane i Syria og Libya. Kor mange som har døydd i ørkenområda veit vi ikkje. I Norge hadde vi i fjor ein oppheita debatt om kor mange flyktningar vi skulle ta imot. Enkelte vil stenge grensene heilt, andre vil hjelpe flyktningane der dei bur - og nokre meiner vi må ta imot så mange som råd.

Tysdag denne veka starta Leo Ajkics sin TV-serie «Flukt» på NRK1. Dagbladet sin meldar brukar denne tittelen etter å ha sett første episode: «Du skylder deg sjølv å se denne serien».

«Flukt» handlar om den dramatiske flyktningkrisa, og i episoden komande tysdag får vi vere med når «Siem Pilot» plukkar opp menneske frå Middelhavet og fraktar dei til Italia. Serien går tett på flyktningar. Vi får sjå menneske med angst, frykt og håp. Vi kjem nok også i år til å krangle om kor vidt dei som flyktar er lykkejegerar eller menneske i stor naud.

Leo Ajkic innrømmer at han har ein agenda med TV-serien, han er sjølv flyktning frå Bosnia. Ajkic vil ha oss til å tenke over kva menneska på flukt har ofra, kva dei har forlate og kva dei har risikert for å kome til eit tryggare land.

Serien har fem episodar. Sett på TV-en tysdag og skaff deg eit innblikk i liva deira.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

NM: Hødd - Spjelkavik

4-1 siger over Spjelkavik

Hødd møtte Spjelkavik i første runde i fotball-NM.

Sjå kampen i opptak

Vikebladet Vestposten sendte direkte frå Høddvoll i samarbeid med Sunnmørsposten.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Hødd greit vidare i cupen

Etter ein litt tam første omgang, viste Hødd Spjelkavik kven som er storebror dei siste førtifem.

Statleg tiltakspakke:

- For dårleg informasjon

– Eg synest det er vanskeleg å prioritere kva tiltak eg skal gå inn for, sa Jeanette Teigene (Frp) under møtet i Hareid formannskap måndag.

Sambandet Hareid - Sulesund:

Normal drift frå torsdag

NM: Hødd - Spjelkavik:

No håpar Amani på "ketsjupeffekten"

Trass i raudt kort på tampen, var Amani Mbedule nøgd med to mål mot Spjelkavik.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Ønskjer seg eliteseriemotstand

Torbjørn Kallevåg fekk seg eit mål heilt på tampen mot Spjelkavik.

Ny klinikk i Ulsteinvik

Opnar på Stålhaugane 3. mai.

"Hjemmebane"-innspeling på Høddvoll torsdag:

Treng statistar til straffekonkurranse-scene

- Det blir ein veldig artig opptaksdag, seier "Hjemmebane"-produksjonsteamet.

Vestlandsmeister

Anny Våge Molvær vann slalåmkonkurransen under Vestlandsmeisterskap i alpin i Myrkdalen.

Politiet ønskjer fleire tips frå publikum:

Har ikkje funne bilen

Ein raud bil av merket Peugeot, som so vidt klarte å svinge unna ein lastebil i Haddal måndag, er framleis ikkje funnen.

Ulstein vart beste ungdomsskule

Mange flotte prestasjonar under finalane på Skulecupen i friidrett.

Fjord 1 kan vere verdt nesten 5 milliardar

Det meiner meklarhusa som står for tilrettelegginga av børsnoteringa av ferjeselskapet.