I samband med at Kyrkjemøtet gjekk inn for ein ny liturgi som opnar for å vie likekjønna i kyrkja, kontakta vi prestane i Ulstein og Hareid for å få eit intervju om deira synspunkt på saka. Dei ville ikkje stille til intervju, men varsla at dei i staden skulle kome med ei felles pressemelding.

Den kom fredag 3. februar, og var så pass rund at vi sende ein mail og spurde om det var mogleg å få eit svar på om nokon av prestane ville reservere seg mot å vie likekjønna. Det ville dei ikkje svare på.

Lesarinnlegget (på bokmål!) hadde dei jobba nøye med, og det var dette dei ønska å seie i media.

Vi har i ettertid fått fleire reaksjonar frå lesarar som meiner prestane burde vere tydelegare, og at svaret er tåketale. Etter Kyrkjemøtet i fjor hadde Vestlandsnytt eit oppslag der dei tre prestane i Herøy varsla at dei ikkje ville vie likekjønna. Kanskje er det slik at prestar som er imot å vie homofile har eit sterkare behov for å markere synet sitt.

Prestane i Hareid og Ulstein skriv i innlegget sitt at ingen av dei har vurdert å seie opp stillingane sine basert på det nye vedtaket, og at dei ønskjer at sokna skal vere eit inkluderande trusfellesskap med rom for ulike syn på likekjønna ekteskap.

2017 er nådens år, og det kan vere på sin plass å minne kvarandre om – uansett meining – at vi må møte kvarandre med respekt. Likekjønna har rett til å gifte seg i kyrkja, og det er prosten sitt ansvar å skaffe ein prest. For homofile som vil gifte seg i kyrkja må dette vere det viktigaste, ikkje kva for ein prest som utfører vigselen.

Les innlegget frå prestane her