Avisa har gjennomgåande fått ny drakt. Nye spalter har kome til, nokre er tekne ut og nokre av spaltene er dytta til andre stader i avisa.

Dette er gjort for å forenkle arbeidet til journalistane når vi skal velje layout til artiklar og tilsendt stoff som skal inn i avisa. Tanken er også at den nye utsjånaden skal vere meir ryddig og meir fleksibel for oss som skal lage avisa. Med nye skrifttypar og stikktitlar på mange av sakene våre, er målet å få ei meir lettlesen avis, med eit moderne preg.

Det nye systemet gir oss høve til å gjere nye vriar på reportasjestoffet, særleg i laurdagsavisa. Mange vil nok legge merke til at bladbunden til Vikebladet Vestposten liknar mykje på den som andre aviser i Polaris-konsernet har, og det er rett. Omlegginga er ein del av ei større samordning i konsernet.

Hald fram med å tips oss om saker vi bør skrive om og send gjerne inn bilete

Men endringane er ikkje større enn at du skal kjenne att særpreget til Vikebladet Vestposten. Vi skal framleis vere lokalavisa som bringar både små, store og alvorlege nyhende fram på torget. Vi skal halde fram med å vere ein arena med plass til meiningsytringar, og vi skal vere den beste lokale annonseplassen.

For å vere ei pulserande avis er det viktig å ha god kontakt med lesarane våre. Så hald fram med å tips oss om saker vi bør skrive om. Og send gjerne inn foto, både nye bilde og foto frå gamle dagar blir tatt imot med glede.