Det er no orda bør sitje som eit skot. Dei første orda frå den nye redaktøren til dykk som les lokalavisa på Hareidlandet.

Eg kunne ha støtta meg til den svenske forskaren Lennart Weibull, som skriv at avisene er eit symbol for det lokale og at det å vere med i avisa er å vere ein del av samfunnet. Eller eg kunne ha sagt at lokalavisa gir ei kjensle av fellesskap og identifikasjon. Dagspresseutvalet peikte i 2000 på at når noko har stått i lokalavisa, kan ein rekne med at dei fleste innbyggarane har fått med seg innhaldet.

Eg kunne ha skrive om pressa sitt samfunnsoppdrag, som er nedfelt i dei etiske retningslinjene i Ver Varsam- plakaten. Der står det at pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa skal ikkje gje etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene.

Det er også nærliggande å minne om at lokalavisa er viktig for lokaldemokratiet. Vikebladet/Vestposten er nær lesarane. Vi som arbeider i avisa møter lesarane våre kvar einaste dag. Utan innspel og engasjement frå dykk, har vi lite å skrive om. Vi skal snakke til og om dykk som les- men aller mest skal vi snakke med lesarane.

Alt dette kunne ha vore mine første ord til dykk.

Eg trur eg i staden gjer det enkelt og seier at eg vil at Vikebladet/Vestposten skal halde fram med å skape engasjement på Hareidlandet. Då må avisa vere ein arena for alle som vil vere med i den offentlege debatten. Difor skal det vere låg terskel og høgt under taket i Vikebladet/Vestposten.