Andredivisjonslaget Hødd gjorde ein kjempeinnsats og slo nesten eliteserielaget Molde i cupkampen onsdag denne veka. Berre 1083 tilskodarar såg kampen på Høddvoll.

Nedrykket frå første divisjon i fjor var ein real nedtur for cupvinnaren frå 2012. Vonbrotet var tydeleg både blant spelarar, støtteapparat og supporterar. Mange spelarar snudde ryggen til og forlèt klubben. Torbjørn Kallevåg var ein av få som valde å bli, og i kampen mot Molde denne veka briljerte han på midtbana. I dagens avis fortel han kvifor han vart med Hødd ned i andredivisjon.

Mannefallet etter nedrykket ramma ikkje berre spelarstallen: tilskodartala til no i år er ikkje imponerande. 1100 selde sesongkort er rett nok ikkje verst. Men kvar vart det av alle dei som var Høddsupporterar under cupfinalen i 2012? Då Hødd slo Tromsø på Ullevaal var det nesten ikkje folk igjen heime på Hareidlandet og omland. Kvar er dei no, alle dei som vandra rundt i Oslo med blåkvite skjerf og hoia “Heia Hødd!”? Kva med alle dei som posta bilde av seg sjølv på sosiale media iført blått og kvitt supporterutstyr frå tribunen på Ullevaal? Svært mange av dei har ikkje vist seg på Høddvoll til no denne sesongen.

For årets Hødd-lag kan det vere ei trøyst at det er grasrota blant tilhengarane som møter opp på kampane i år. Det er dei som sit til kampen er ferdig og ikkje går lenge før dommaren bles, i protest mot at laget ligg an til å tape.

Så kjem vel dei frå kunstgrasrota, medgangssupporterane, tuslande tilbake når laget nærmar seg opprykk.