Det er lenge til januar 2019. I alle fall for dei som er avhengige av å reise til og frå Hareidlandet med ferje.

Ferjestrekninga Hareid-Sulesund er eit av dei mest trafikkerte sambanda, ikkje berre i Møre og Romsdal, men i heile landet. Dei siste vekene har det vore det som på ferjespråket vert kalla «redusert kapasitet» på Hareid-Sulesund. Verkstadopphald, tekniske problem, trafikklys ute av drift på ferjekaia på Hareid, problem med kaia på Sulesund. Og då ferja Ullensvang skulle setjast inn igjen i trafikk, fekk ho motorhavari. «Som å bli utskriven frå sjukehuset og kollapse på veg heim». skreiv ein av følgjarane våre på Facebook.

For dei mange som er avhengige av ferja for å rekke arbeid, avtalar, skule og vidare transport er dette uhaldbart. Lokalavisa har snakka med pendlarar som har stått i ferjekø i halvannan time, folk som ikkje rekk å hente i barnehagen og reisande som mistar viktige møte, avtalar og sjukehustimar.

Det er lett å legge ansvaret på reiarlaget Norled, som har drifta sambandet sidan 2008. Så kan ein alltids diskutere om kritikken er fortent eller ikkje, så lenge dei oppfyller anbodet. Men dei to første åra med Norled hadde strekninga null attståande bilar, ifølgje statistikk frå vegvesenet. Og etter åra 2014 og 2015, med tolv tusen attståande bilar, vart 2016 betre. Ferske tal frå vegvesenet viser nemleg at 6544 bilar måtte stå over ein eller fleire turar i fjor. I desse tala ligg det mange forseintkomingar, mista møta, avtalar og flyreiser for dei passasjerane som vart ståande att.

Les også: Færre attståande bilar

For Fjord1 blir det å ta over sambandet Hareid-Sulesund det motsette av å hoppe etter Wirkola. For dei reisande er det uansett lenge til januar 2019.

Linda Eikrem er redaktør i Vikebladet Vestposten.