Laurdag er det open dag hos SSR i Saunesmarka. Dit bør mange av reinhaldsverket sine kundar legge turen, meiner redaktøren.

Laurdag er det open dag hos SSR i Saunesmarka. Dit bør mange av reinhaldsverket sine kundar legge turen, meiner redaktøren.

Leiar:

SSR: Få offentlege tenester engasjerer meir

I dag er det open dag hos Søre Sunnmøre Reinhaldsverk i Saunesmarka. Det er eit tilbod så mange som mogleg av kundane bør nytte seg av.

Denne veka vart det kjent at SSR, som samlar inn søppel frå kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy, vil gjere endringar frå neste haust. Ei av sakene representantskapet skal diskutere komande fredag, har tittelen Hentefrekvens ved innføring av nye fraksjonar. Litt meir forståeleg: selskapet vil at husstandane skal starte med matavfallsortering, som altså er ein ny fraksjon. Dette avfallet skal hentast kvar fjortande dag, medan restavfall, papir og plast skal hentast ein gong i månaden. Innføringa av denne nye fraksjonen startar truleg neste haust.

Forslaget har vekt sterke reaksjonar i sosiale media, og mange har tydelegvis meir enn ei høne å plukke med renovasjonsselskapet. Nokre tek til orde for redusert gebyr, andre vil ha større dunkar. Berre nokre svært få legg vekt på miljøperspektivet: kor bra det faktisk er at matavfallet skal gå til noko anna enn omnane på Grautneset.

At det kjem reaksjonar overraskar neppe SSR og eigarkommunane, dei har vore gjennom nokre endringar før. Det er få offentlege tenester som engasjerer meir enn renovasjonstilbodet, truleg fordi det er noko dei fleste betaler for. Renovasjonstilbodet vedkjem alle, rett og slett. Difor er endringar i dette tilbodet eigna til å engasjere. Spesielt i sosiale media.

I sakspapira til representantskapet står det følgjande: Det må gjerast mykje godt kommunikasjonsarbeid i forkant av endringane. SSR har eit knapt år på seg og bør starte allereie i dag, når det er open dag på anlegget i Saunesmarka.

Les også: - Eg trur dette vert bra

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: