For nokre månader sidan var det få av oss som visste kva batteribygg er for noko. No er dette eit engasjerande diskusjonstema, spesielt på Hareid.

Det er altså Fjord1 som vil setje opp batteribygg langs fjorden, i samband med at dei skal ta over Hareid-Sulesund frå nyttår. El-ferjene som skal trafikkere sambandet skal bruke 23 minutt på overfarten og så seks minutt til lading ved kai.

Det første forslaget frå Norconsult var å setje opp bygg i betong langs fjorden, 25 og 16 meter lange, 3–4 meter høge og 4–5 meter breie. I tillegg skal det kome eit tolv meter høgt ladetårn. Heldigvis sette Hareid kommune foten ned og bad Fjord1 finne ei anna løysing.

Det nye forslaget kom no nyleg og er smått komisk. Argument om at bygga omtrent vil forsvinne bak tungtrafikken og at mørk bordkleding vil gjere bygga mindre synlege, fekk mange til å reagere. «Grav heller bygga ned!», «Noko av det meir idiotiske eg har høyrt», «Dette må stoppast», var nokre av reaksjonane i kommentarfeltet på facebooksida til lokalavisa.

Ordføraren reagerte også. Han er både skuffa og overraska over at Fjord1 og Norconsult ikkje ser ut til å ha teke signala frå kommunen på alvor.

Det er tydelegvis ei vanskeleg øving å gjere bygga usynlege. Og det nye forslaget vert neppe godkjent i Hareid formannskap.

Det som er klart, er at det om knapt ni månader kjem nye, meir miljøvenlege og svært etterlengta ferjer på Hareid-Sulesund. Desse ferjene treng lading i begge hamnene. Så her må nokon jobbe raskt for å finne ei løysing før 1. januar 2019.

Vi ventar spent på neste forslag.