Etter det tragiske drapet på Hareid for snart ein månad sidan, har det å vandre gjennom Hareid sentrum vore som å stikke handa inn i eit kvepsebol.

Eg har ikkje tal på alle gongene eg har blitt stoppa av folk som vil fortelje kva dei har sett eller høyrt, og at lokalavisa må skrive om det veksande narkomiljøet på Hareid. Men når eg spør om dei vil stå fram, blir det stilt. Verken lokalavisa eller politiet kan basere informasjonen ut til publikum på rykte.

Svært mange ristar vantruande på hovudet over utsegner frå politiet om at drapet ikkje kan koplast opp til eit narkomiljø. Det var assisterande politimeister Ingar Bøen som heva fana høgast. Under ein pressekonferanse på Bigset  var han nærast filosofisk då han svara  at i dag er det så mange som brukar narkotika at det er vanskeleg å snakke om eit narkomiljø.

Ordførar Anders Riise var klok då han i eit intervju understreka at han ikkje kjenner årsaka til drapet på Bigset, men at fleire personar som var involvert uansett har tilknyting til eit rusmiljø. Rettssaka vil truleg kaste lys på om det var narkotika inne i bildet. Men politiet hadde ikkje tapt på at dei kom med nokre åtvarande ord om faren ved å bruke narkotika, og at dei kjenner til narkomiljøet. Det hadde gjort folk på Hareidlandet tryggare.