Kvinna som søndag prøvde å selje blad før ei gudsteneste i Ulstein kyrkje, har vekt stor debatt. Enkelte meiner ho burde jagast vekk, andre at lokalavisa har gjort eit overgrep både når vi har skrive og sett på trykk eit foto som viser situasjonen. Men lokalavisa skal spegle det som skjer i regionen vår.

Sal på kyrkjetrappa er noko nytt for oss. Prest Kristian Myklebust sa i eit intervju her i avisa torsdag at «søndag rykte den store verda litt nærare oss». Det har han heilt rett i. Dei fleste av oss har nok sett både bladseljarar og tiggarar rundt kyrkjer i utlandet og i Oslo, men vi vil helst sleppe å sjå dei her. Ubehaget ved å bli minte på at folk lever i armod likar vi ikkje å ta inn over oss.

Staben ved Ulstein kyrkjekontor gjorde rett  då dei kunngjorde at alle skal vere velkomne på kyrkja sitt område. At dei ikkje ønskjer sal og tigging under gravferder, er like opplagt. Det er heilt uakseptabelt. I ei slik stund skal folk få fred. Ordet «frekt» er  ein karakteristikk som vart brukt om den episoden, og det er eit treffande ord.

Ei problemstilling til ettertanke: ville vi ha reagert like mykje om det var ei norsk kvinne som stod i trappa og selde til dømes «Krigsropet» før ei gudsteneste, eller er det fordomar mot romfolket som kjem stikkande fram til overflata?