I 2013 foreslo ei nemnd å byggje ei ny kyrkje i tilknyting til den gamle på kyrkjegarden i Ulsteinvik sentrum. Det vart ramaskrik. Mykje skriving i lokalavisa og ope møte på Sjøborg. Mest aktive var motstandarane. Dei som syntest ideen var god, tagna, og fleire av dei kunne fortelje om ubehagelege episodar og trasige skuldingar. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere.

No har ei prosjektgruppe foreslått Store Vikholmen som tomt for ei ny arbeidskyrkje, og protestane har begynt å kome. Lokalavisa skal sjølvsagt vere eit talerør for motstandarar som med saklege argument ikkje synest ideen er god. På same måte som tilhengarane skal få kome til orde.

I dagens avis fortel soknepresten og staben hennar om kvifor dei meiner Ulstein treng ei ny, funksjonell arbeidskyrkje. Og leiar Harald Nordal i prosjektgruppa fortel kvifor gruppa valde Store Vikholmen. Han meiner det må gå an å kombinere kyrkjelege aktivitetar med syslar som folk driv på med i fritida si. Dersom det blir aktuelt, vil soknet invitere alle interesserte til dialog. Det er ein klok tanke. Å snakke saman kan vere svært konstruktivt.

Men ytringsfridomen gjeld for alle.

- Kyrkje og gjestehamn kan bli ein flott kombinasjon

- Ikkje legg arbeidskyrkja dit

Slik er det tenkt på Store Vikholmen

Ikkje bestemt seg