I fjor haust vart lokalsamfunnet rysta av eit bestialsk drap. Ni spesialistar vart kalla inn i all hast til åstaden på Bigset. Olav Rønneberg, krimkommentator i NRK, har uttalt at han ikkje kjenner til at Kripos nokon gong før har sendt så mange spesialistar til eit mistenkeleg dødsfall.

Måndag startar rettssaka mot mannen som er sikta for å ha drepe Sami Milhem. Ei siktig som også har i seg skjending av lik.

Vi skal vakte oss vel for å kome med bastante konklusjonar om kva som var årsaka til drapet. Politiet var dei første vekene uvillige til å seie at det hadde skjedd i eit belasta rusmiljø, og uttalte at rus ikkje var årsaka til at drapet skjedde. Kanskje vil rettssaka gi eit svar.

Det som i alle fall er sikkert, er at ein stor del av valds- og drapshandlingane skjer i ruspåverka tilstand. Rusførebyggjande tiltak blant born og unge må ha høg prioritet i Hareid og Ulstein. Sjølv om talet på unge som seier dei har brukt narkotiske stoff i dei to kommunane kanskje ikkje er så stort, er det alvorleg . Marianne Breivik (Ap.) sa i Ulstein kommunestyre torsdag at Ulstein kommune må setje seg i førarsetet og få på plass eit rusførebyggjande arbeid mellom kommunane. Det kan vere eit steg i rett lei.