Våren 2013 kom eit ungt prestepar til Hareid. Ruth Eva Sollie vart tilsett som sokneprest - med buplikt.

Kommunen lova soknepresten at ein ny prestebustad skulle vere innflyttingsklar til jul 2013. Den gamle prestebustaden hadde kommunen selt. Behovet for renovering var stort, og kommunen ville ikkje få tilskot frå Opplysningsvesenets Fond til oppussinga. Det ville dei få til eit nybygg.

Pengane frå salet skulle vere startkapital til ny prestebustad. Men Robek-kommunen fekk problem med restfinansieringa, og prosjektet vart lagt på vent. Tomt vart vald på Pålhaugane II, og grunnarbeidet skulle starte i 2014. Det skjedde ikkje. Midt i dette vart det også lagt inn ei endring i prosjektet, og då anbodspapira på huset vart sendt ut, måtte kommunen etter ei tid trekkje dei tilbake, på grunn av ein formell feil.

Les også: Uklart svar om prestebustad

Deretter vart reguleringa av Pålhaugane II endra og sendt ut på ny runde. Det siste no er at buplikta for prestar blir oppheva frå 1.9. 2015, noko som gjer at ordføraren må få klarlagt om kommunen likevel får tilskotet til prestebustad gjennom Opplysningsvesenets Fond.

På Hareid bur eit ungt prestepar med eit lite barn i ei lita leilegheit. Endar det opp med at dei flyttar til ein annan kommune når buplikta blir oppheva?