Tysdag ettermiddag small det i Hasundkrysset igjen.

Ein bilist som kom frå Hasund overheldt ikkje vikeplikta si og køyrde inn på Fylkesveg 61 der ein bil kom køyrande i retning Eiksund. Dermed vart det kollisjon. Heldigvis utan alvorlege personskader. Men det er ikkje første gong det smell i Hasundkrysset.

Vikebladet Vestposten har opp gjennom åra skrive eit utal gonger om kollisjonar i nettopp dette krysset. Og kor mange nestenulykker der har vore, veit ingen. Leiinga i Ulstein kommune har mange gonger tatt sikring av Hasundkrysset opp med fylkeskommunen og Statens vegvesen, men hittil har det vore til inga nytta.

Det er ikkje berre kommunane som har lite pengar å rutte med. Sikringstiltak i Hasundkrysset ligg derfor framleis langt nede på prioriteringslista til fylkeskommunen.

Truleg hadde den beste løysinga vore at det vart bygt rundkøyring i Hasundkrysset. Men i mellomtida bør vegstyresmaktene vurdere lågare fartsgrense. I dag er det 80 km/t på fylkesvegen forbi krysset. Når tungtransport til og frå Kleven skal svinge seg inn og ut av krysset, kan det oppstå såkalla «dødsoner», og bilistar kan bli frista til å peise seg inn på fylkesvegen. Då kan det vere i alle fall ei lita hjelp at farta ikkje er 80 km/t på hovudvegen.

Kva meiner du bør gjerast i krysset? Rundkøyring, nedsett fart eller andre alternativ? Sei di meining på våre Facebook-sider.

Redaktør Anne gry Eilertsen meiner det må gjerast noko for å betre trafikktryggleiken i krysset mellom fylkesveg 61 og Sundgotvegen.