Det var nok fleire enn eg som kipte seg då ordførar Jan Berset i Ulstein, truleg oppglødd etter kommunereform-møtet på Finnøy Havstuer i førre veke, uttalte til NRK at både han, ordføraren i Hareid og 11 andre ordførarar hadde skrive under på ein avtale som inneber vidare samarbeid om ein storkommune på Sunnmøre.

Ein storkommune nordover, med Ålesund som den store bastionen.

Til NRK sa Berset at det var eit historisk dokument. I laurdagsavisa understrekar Berset at verken han eller ordføraren i Hareid har skrive under på ein bindande avtale om ein storkommune nordover.

Han seier også at innbyggjarane skal involverast i prosessen rundt kommunesamanslåing. Men det byrjar verkeleg å haste. Innan 1. januar 2016 skal kommunane ha gjort eit intensjonsvedtak om kva kommunar det kan vere aktuelt å slå seg saman med.

Fire månader før fristen er ute, er det heilt i det blå kven som kan tenkje seg å slå seg saman med kven. Den endelege fristen er 30. juni neste år.

Før den tid må det kome konkrete forslag om kva kommunar som er villige til å gå i lag med andre, og innbyggjarane må få seie meininga si. På noverande tidspunkt synest det nærast utopisk at dette vil vere på plass før tidsfristane er ute.