Føremålet med ei folkeavrøysting må vere å høyre kva folk meiner. Men får eg sagt mi meining når mitt alternativ ikkje finns på røystesetelen? Nei, mitt alternativ er forkasta på førehand, trass i at tidlegare meiningsmålingar i både Hareid og Ulstein viser stort fleirtal for at vi skal slå oss saman.

Fleirtalet av politikarar i våre to kommunar nektar meg og mine meiningsfeller å få sagt vår meining - og har ikkje gitt oss noko godt grunnlag for avgjerda.

Men samanslåing av Hareid og Ulstein er blitt høgst aktuelt etter det som skjedde på øvste politiske hald for få dagar sidan…

Eit av dei sterkaste argumenta for kommunesamanslåing har vore at vi må opp i 15.000 innbyggjarar for å få auka tilskot som storkommune. Torsdag den 21. april kom det nye signal frå regjeringspartia og Venstre. Her er utdrag frå pressemeldinga dei sende ut:  «Høyre, Frp og Venstre er enige om et nytt inntektssystem for kommunene. Kommuner i sentrale strøk som velger å stå alene skal få mindre penger….»  For å stimulere til samanslåing heiter det lenger nede i same pressemeldinga: «…Det etableres blant annet et tilskudd på 200 millioner per år til sammenslåtte kommuner som blir tyngdepunkt i en region. Dette omfatter kommuner som er fra 9000-10 000 innbyggere og større».

Kravet om 15.000 innbyggjarar synes altså å vere vekk.

Ordførarane våre er tvetydige om tolkinga av ein blank røystesetel.  Eg trudde at ved å levere blankt ville eg fortelje at vala på røystesetelen var uaktuelle og at det må ei ny avrøysting til der samanslåing av Hareid og Ulstein er eit alternativ. Men Så enkelt er det altså ikkje. Ander Riise tolkar ein blank setel som at den mest truleg tyder på at kommunestyret skal ta avgjerda.

Då står eg att med eitt alternativ; Hareid som eiga kommune.

Vi kjenner kvarandre godt over Eidet og greier å samarbeide til vi finn ut at vi kan gå saman, slik mange på begge sider no gir uttrykk for.  Litt forhandlingar om tenestefordeling og økonomi og vi finn saman!