Budsjettet for 2017 er i hamn og det har vore et arbeid under press.

Både i form av forventningar, bekymringsmeldingar frå fleire hald og ikkje minst: Press som resultat av det handtrykket Ulstein Høgre har med veljarane våre gjennom val. Ulstein Høgre tok føring i årets budsjetthandsaming og inviterte alle parti til eit breitt samarbeid og dette vart tatt godt i mot. Administrasjonen har som vanleg gjort et godt stykke forarbeid før det politiske miljøet tok over stafettpinnen.

Vi kom i mål med et godt budsjett i år også etter krevjande forhandlingar gjennom fleire veker. Det vart et heilskapelig budsjett med satsing mest på dei små og dei som treng det mest. Slik skal det vere.

Budsjettet i korte trekk:

• Ingen eigedomsskatt. Dette har vi aldri stemt for som det var feilaktig antyda i desse spalter for litt sidan.

• Styrking av barnetrinnet i oppvekst frå øyremerka midlar frå staten.

• Oppfinansiering av ny omsorgsbase

• Midlar til kvardagsrehabilitering

• Miljøarbeidar psykisk helse/rus

• Det blir gangbru over Haddalelva

• Refusjon av dirigenttjenester.

• Avsetting til livsnøytralt seremonirom i 2018

• Vedlikehald til kyrkja

Dette er et stramt budsjett men vi må hugse at i forslaget frå Rådmann ligg der allereie ei styrking av helse/omsorg og oppvekst på henholdsvis

4,6 og 6,5 millionar. Ulstein Høgre ville også reversere det varsla kuttet på 1 million til skule/oppvekst, men dette fekk ikkje gjennomslag. Dette gjer at vi brukar ca. 500.000 av fondet i 2017 for å balansere opp budsjettet og neppe ei sprenging av sparegrisen som slått opp på framsida i førre utgåve av lokalavisa.

Ulstein Høgre vil gjerne kommentere tre ting som kjem fram i fellesframlegget spesielt:

En million til utarbeiding av et skisseprosjekt av nye Ulstein Kyrkje og 1 million til livsnøytralt seremonirom ligg inne. Dette fann ikkje Ulstein Høgre rom for i årets budsjett men måtte gi tapt etter et framlagd ultimatum frå Arbeiderpartiet: Bli med på begge eller forlat koalisjonen. En slik forhandlingsteknikk må vi vel seie ikkje er å foretrekke og vi vonar den ikkje får rotfeste i Ulsteinpolitikken.

Det er lagt inn eigedomsskatt i 2018–2020. Sjølv om vedtak om denne skatten skal opp til behandling kvart år vil vi her varsle at vi vil stå fritt i denne saka da den må sjåast i samanheng med den øvrige økonomiske situasjonen.

Den nye kyrkja: Vi lånar no pengar til et skisseprosjektet på nye Ulstein Kyrkje frå eitt usikkert 2018-budsjett. Når Ulstein Høgre sa ja til en halv million i fjor til et arkitektarbeid så advarte vi mot at midlane skulle brukast prematurt og vi høyrde då ingenting om at fleire midlar måtte på bordet frå kommunekassa før kyrkja i det heile tatt skulle realitetshandsamast. Vi tar det no for gitt at siste sum er løyvd før prosjektet i si heilheit kjem tilbake til kommunestyret. Ulstein Høgre vil gjere det klart at om vi må velje så prioriterer vi oppgradering av Ulstein Barneskule først sett i lys av skulebehovsplanen som ligg føre.

Ulstein Høgre v/Knut Kleiven