Kommunestyret i Ulstein, med unntak av SV sin eine representant, gjer som strutsen: dei stikk hovudet i sanden og trur at alt som er vondt og vanskeleg blir borte på den måten. Under budsjettbehandlinga på torsdag valde fleirtalet å sjå bort frå det faktum at kommunen er på full fart inn i ein svært vanskeleg situasjon. Kommunegjelda er rekordhøg, medan inntektene til dels er ganske usikre. I ein slik situasjon må ein leite både etter måtar å spare på og måtar å sikre og auke inntektene. Spart har ein vel gjort ved å høvle og skjere meir enn godt er allereie, så her er knappast meir å finne. Då må ein sjå seg om etter alternative inntekter. I praksis heiter denne inntektskjelda eigedomsskatt, ein skatt som ganske mange kommunar av alle politiske fargevalørar har innført for lengst. Men her i kommunen er ein visst redd for å bli spedalsk om ein vågar å kome nær noko så forferdeleg som denne heilt legale skatteforma.

Eller, – heile kommunestyret er fullt klar over at vi må ha eigedomsskatt i Ulstein også. I økonomiplanen for 2016–19 ligg eigedomsskatten inne og det same gjer han for åra 2018–20 som blei vedtatt i år. Den må berre ikkje kome akkurat no! «Om eitt (ikkje 100) år er allting gløymt», synest politikarane å tru. I staden brukar dei den vesle summen på 12 millionar kroner som rådmannen hadde sett av til disposisjonsfondet for å få budsjettet i balanse. Det betyr i praksis at når noko uforutsett skjer så står kommunen endå dårlegare rusta til å løyse problema. Men når ein berre har hovudet godt planta i sanden så slepp ein å sjå realitetane.

Kva er det så som er så forferdeleg med denne eigedomsskatten. Det første året kan ein maks ta to promille av verdien av ein eigedom. Og verdi er her det same som marknadsverdi, eller fire gongar likningsverdi. For å få til ein sosial profil er det høve til å legge inn botnfrådrag, noko Ulstein SV går inn for. Har du ein ganske vanleg bustad til ein verdi av 3 mill.kr. og botnfrådraget er på 1 mill.kr. betaler du altså to promille av 2 mill.kr. Det blir 4.000 kroner. Eller 330 kroner månaden, eller 77 kroner veka. Skulle du vere krøsus og ha ein bustad til åtte millionar blir summane tilsvarande 14.000 for året, knappe 1.200 i månaden og om lag 270 kroner i veka. Har du råd til å eige bustad til åtte mill så har du også råd til dette.

Denne skatten har altså eit samla kommunestyre vedtatt skal innførast i løpet av komande økonomiplanperiode. Men det var berre SV sin eine representant, Morten Feiring, som var modig nok til å gå inn for dette no, resten av kommunestyret skur berre problema framfor seg, og håper på «betre tider», som nokså sikkert ikkje kjem. Hadde dei andre støtta SV ville det gitt rom for styrka tenester for demente, ei stilling for miljøarbeidar innanfor psykisk helse og rusomsorg, ladepunkt for elbilar, tiltak mot forsøpling og, ikkje minst, ei halvering av den tvilsame innsparinga knytt til å bruke lærlingar i vakante stillingar. I tillegg fann SV plass til å setje av nesten 6 mill. kr til å kunne bruke når alt anna er oppbrukt, der dei andre parti sat at med å måtte hente ut ein halv million av eit frå før ganske så skrapa driftsfond. Eller som Vikebladet Vestposten skriv; – dei måtte knuse sparegrisen for å få budsjettet i balanse.

Jan-Erik Andreassen

Ulstein SV