I Sunnmørsposten (12/7 2017) i sommar fortalde ei ung jente frå Ulsteinvik at ho etter å ha meldt eit seksuelt overgrep kjende seg utstøytt av lokalsamfunnet. Ingen vart dømde i saka. Ho fortel om rykteflaum, sladder og aggressive konfrontasjonar der ho sjølv blir halden ansvarleg for det overgrepet ho fortel at ho vart utsett for. Skuldingar som vart så tunge å bere at ho ikkje fann å kunne leve her. Ho måtte flytte.

Forteljinga hennar er trist lesnad. Ikkje berre fordi seksuelle overgrep i seg sjølv er ei frykteleg erfaring, men fordi hennar oppleving av heimstaden og sambygdingar fyller henne med meir smerte.

For alle som har fylgt med i lokalsamfunnet denne våren, så er kontroversane rundt asylsaka kjent, og uroa blant foreldra om plasseringa av asylbarn i ungdomsskulen viste seg å ikkje vere irrelevant. Det vart eit problem – og alle desse unge menneska, både dei som var, dei som kom og dei som måtte reise, tapte på vaksensamfunnet sine val. Ungdommane vart råka, gjennom splitting, usemje og sladder, og ei blytung bør kom dette eine barnet til å bere.

Eg ynskjer ikkje å fokusere på saka, det har eg heller ikkje føresetnadar for, verken slik ho vart framstilt eller handtert. Men eg er oppteken av det som denne jenta står fram i avisa og fortel om: sladderen og ryktespreiinga, og oppvekstsjefen som seier i ein kommentar at ho ikkje har nokon kommentar. Kva foreldre gjer på fritida forstår ho som utanfor sitt ansvarsområde. Sikkert formelt korrekt. Det står neppe i stillingsinstruksen at jobben rommar ansvar for å demme opp for rykte og sladder. Men eg kan likevel ikkje forstå at kommentaren skal vere ingen kommentar. Til stillinga som øvste sjef for born og unge i oppvekstsektoren i Ulstein, meiner eg det ligg både eit mandat og ei plikt til å kunne vere den moralens vaktar som slike stygge forteljingar ropar etter.

Denne saka handlar ikkje om å ta stilling til skuld eller ikkje, men om det går eit barn mellom oss som kjenner seg krenkt og er forulempa av bygdesnakk. Ei vond erfaring. Vanskeleg og uhandgripeleg fordi bygdesnakk kan avfeiast som påstandar, – men likevel så identifiserbart for den som vert råka. Det handlar om nedslåtte blikk, provoserte auge, ei skulder, ein rygg på butikken, ein omveg – kanskje tenkjer nokon at det det vart snakka om i går høyrer tid og stad til – men slemt snakk skriv seg inn i kropp og sjel, og har sitt eige uttrykk. For den som er vâr, eller har sett det før, er det lett å kjenne att.

Hugs då dette: bygdehistoriene som spreier informasjonar som om dei var sanningar hogde i stein – er dei andre sine versjonar. Slike forteljingar blir naturlegvis aldri fortalde av den som verkeleg kjenner den det gjeld. Forteljingane har som oftast ein skjult agenda – ein draum om merksemd eller om å skape ein augneblinks fellesskap, kanskje ei eiga smerte som kan døyvast eit bel, eller ein kanal for eigne frustrasjonar – forklaringane er like mange som det finst folk til.

Til deg som er ung og enno ikkje har sett alle dei menneskelege variantane – hald fast i deg sjølv og det menneske du veit at du er – og det menneske som dei som kjenner deg seier at du er. Vi er i mangt grunnleggjande einsame, og vi treng heller ikkje mange, men vi treng alle ein. Hald deg til denne din eine. Sannferdige. Det vil oftast vere ein av dine næraste.

Så saknar eg nokon som trekkjer grensene og minner oss om at det å vere nysgjerrig på medmenneske er naturleg, det å spørje etter kva og korleis andre har det, er å vere positivt nysgjerrig, det er å leve med sine medmenneske – det gir meining i kvardagane og liva våre – det gir farge, og er mellom anna det som gjer ein kvalitativ skilnad på det å leve her i bygda mot eit liv i byen der naboen er ein framand. Eg saknar leiarar som står fram og minner oss om at det å fordele skuld blant ungdom i ei slik sak, det å karakterisere andre og legge til bører dei ikkje skal ha – det er ikkje berre slemt, men også ei umoralsk handling. Eg saknar ein leiar som spør seg kvifor unge som vågar å melde frå om ein urett skal finne seg i det overgrepet som mistenkeleggjering og fantasifulle karakteristikkar er –

Den som jobbar på valdtektsmottak og tek imot unge utsett for seksuelle overgrep fortel at det fyrste møtet med offeret handlar om sjølvskuldingar – ein søken etter ei forklaring på det uforklarlege. Korleis skal den skuldlause elles forstå kvifor ho eller han skulle bli ei slik smerte til del? Sorga og tvilen i den forulempa må derfor ikkje nærast av dei andre. Det er å legge stein til ei allereie alt for stor bør. Mang ein terapeut har mint den skadde om at logikken er vrang; det er ikkje forbode å vere som ungdom flest, men – det er forbode å forgripe seg. Absolutt forbode.

Kanskje er det vår eigen angst for å oppleve noko liknande som gjer at vi søkjer verne oss sjølve ved å forklare slike hendingar med sjølvskuld. Kanskje kan ein gjennom skuldforklaring makte å skape distanse og slik unngå å drukne i eigen angst. Bakom ligg logikken om at dersom offeret var skuld i dette sjølv, fordi ho er annleis eller gjorde noko dumt, så er det liten fare for at det kan ramme nokon av oss. Snakkar vi lenge nok om det på denne måte, så trur vi det kanskje også? Men om det er så, så fortel angsten i det minste at det finst stadar i vårt eige indre kjensleliv der vi har føresetnadar for å forstå det grusamme som dette barnet har levd og lever. Så bruk det – og ta vare på henne det gjeld, denne gongen.

Til deg, unge menneske, vil eg seie: – for ein urett du har levd. Om eg hadde mandatet ville eg ha bedt om unnskyldning på vegner av oss alle. Det har eg ikkje, men eg er lei meg på dine vegne. Eg håper du ein dag finn å kunne kome heim, du høyrer til her, og eg er viss på at om du kan kome heim, så vil du også møte omsorg.

Trudi Henrydotter Eikrem

Vikebladet Vestposten har gitt kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune, Gry Nordal, høve til å svare på dette innlegget. Det har ho takka nei til. Red