I ”Vikebladet Vestposten” laurdag 16. september 2017 gir ordføraren ei lang og god utgreiing om parkeringsplassar i sentrum. Kva vi treng no og i komande år.

No er det slik at eg – og mange med meg -  er  interesserte i andre sortar ”plassar”  i Ulstein kommune. Nemleg sjukeheimsplassar.  Sjukeheimen på Alvehaugen er til tider meir enn overfylt, og eldrebølgja kjem raskt.

Kan vi få ei utgreiing frå ordføraren om kva Ulstein kommune legg opp til her?

Les svaret frå ordførar Knut Erik Engh

Under valgkampen lova Siv Jensen 10 000 nye sjukeheimsplassar. Kanskje du alt no kan ringe for å reservere nokre for oss i Ulstein?

Torill Aarseth Heimdal

Har du eit debattinnlegg? Send inn dine meiningar til redaksjon@vikebladet.no