Takk til Torill Aarseth Heimdal for at du tek opp spørsmålet om sjukeheimsplassar, og eg skal prøve å gi eit best mogleg svar på det du spør om. Ulstein kommune har pr. i dag 42 sjukeheimsplassar på Alvehaugen (sjukeheimen). Av desse er 18 såkalla kortids-plassar som er tiltenkt personar som har eit mellombels behov for ekstra pleie i forbindelse med akutt funksjonsfall, avlastningsopphald eller overgang mellom sjukehus og eigen heim. Erfaringane våre er at kortids-plassane i tillegg vert nytta til personar som har fått innvilga langtidsopphald på sjukeheimen eller tildelt omsorgsbustad, medan dei ventar på at desse skal verte klar til innflytting. Utfordringa er at dette går i bølgjer og at dette er ein kabal som ikkje alltid er like lett å planlegge. I ein del tilfelle er ein difor dessverre nøydde til å nytte stover som mellombelse rom for å ta unna toppane. Eg vil likevel peike på at vi i slike tilfelle er opptekne av å skjerme dei mest pleietrengande og svake pasientane.

Les innlegget frå Torill Aarseth Heimdal

Ulstein kommune har som mål at vi skal ta imot alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa, noko vi har lukkast godt med. Som ei av svært få kommunar, har vi til dags dato unngått å betale «bot» til helseføretaket fordi vi ikkje har gjort plikta vår. Dette er vi stolte av, men det set sjølvsagt kortids-plassane under press. Regjeringa har i inneverande stortingsperiode innført plikt til å føre venteliste for dei som etter ei fagleg vurdering har fått vedtak om sjukeheimsplass. Pr. i dag har vi ingen på venteliste som ikkje har fått eit tilbod av kommunen.

Elles vil eg vise til at vi i Ulstein over lang tid har satsa på heimebasert omsorg, fordi vi er av den oppfatning av at folk flest ønskjer å bu i sin eigen heim lengst mogleg, og vil ha eit mest mogleg aktivt liv. Av den grunn har vi satsa massivt på å bygge omsorgsbustader og lagt til rette for utbygging av private lettstelte leilegheiter i sentrum. I Ulstein har vi no 111 omsorgsbustader med tilknytta bemanning døgnet rundt. Desse bustadane kjem i tillegg til institusjonsplassane på Alvehaugen. Ein kan difor ikkje sjå seg blind på sjukeheimsplassar åleine, men må sjå på det totale tilbodet. Samanlikna med gjennomsnittet har Ulstein vesentleg betre dekning av omsorgsplassar med heildøgns bemanning, sjølv om andelen tradisjonelle sjukeheimsplassar er lavare hos oss enn hos gjennomsnittet av norske kommunar.

Vi har i tillegg satsa på kvardagsrehablitering for å hjelpe folk som har opplevd eit funksjonsfall slik at ein kan setje dei raskare i stand til å meistre meir i kvardagen sjølv. Dette gir betre folkehelse, meir trivsel og større meistringsfølelse, samstundes som det gir kommunen større handlefridom. I tillegg ser vi no på ulike løysingar av velferdsteknologi som kan gje innbyggarane våre betre tenester til trass for at ein frigjer ressursar.

For å prøve å oppsummere innlegget mitt, er det slik at vi i periodar opplever stort press på sjukeheimsplassane våre, men at vi pr. i dag ikkje har konkrete planar om å utvide kapasiteten på sjukeheimen. Dette fordi vi meiner at det samla tilbodet kommunen gir er betre enn det dei fleste kommunar tilbyr. Vi følger likevel godt med og vurderar fortløpande om vi har tilstrekkeleg med omsorgsbustader og sjukeheimsplassar til å dekke behovet på ein god og forsvarleg måte.

Knut Erik Engh,

Ordførar

Har du eit debattinnlegg? Send inn dine meiningar til redaksjon@vikebladet.no