Den siste tida har det dukka opp problemstillingar knytt til det som kan tyde på at Ulstein kommune har eit pågåande demokratiproblem. Med det meiner eg å observere at «maktfordelinga» mellom etatssjefane/politikarane i kommunen og innbyggjar initiativ ser ut til å vere i «ubalanse».

Dersom eit levande demokrati skal fungere, så må innbyggjarinitiativ om meiningar telje med i prosessane ved alle saker. Om initiativargument frå innbyggjarar ikkje synest att i handsaminga av dei saker dette gjeld, vil folk gå trøytte og engasjement blir fråverande. Mykje kan tyde på at dette er tilfelle i Ulstein kommune. Her bør det ropast eit varsku!

Ordføraren med etatssjefar inviterte for ei tid tilbake innbyggjarane til høyring, for å kome med innspel til den pågåande handsaminga av kommuneplanen del 2 – Arealplanen. Mange innspel kom fram. Fleire røyster framførte at det er viktig å finne att dei mange konstruktive argument som kom fram på møta, i påfylgjande saksutgreiingar. Mange uttrykte skepsis til dette, basert på tidlegare innbyggjar initiativ som bokstaveleg tala «ser ut til å ha kokt vekk i kålen». Dersom det er rett, vil dette vere ein effektiv stoppar for framtidig engasjement.

Fleire døme har kome fram i det siste, der det ser ut som om «det kommunale byråkratiet» er overordna engasjementet og initiativ frå innbyggjarane.

Seinast i dagens Vikeblad av 17. oktober, ser vi eit oppslag frå administrasjonen, der ein legg fram ein rapport om stoda i Arena Ulstein, og der økonomi delen er sladda bort. Korleis skal folkevalde og andre sette seg inn i desse problemstillingane, når ein ikkje får vite om økonomi delen før på kommunestyremøtet og innbyggjarane ikkje får informasjon i det heile? Kva har administrasjonen å «gøyme» i ei så viktig sak for økonomien i kommunen framover? Mange engstar seg for at kommunen styrer mot eigedomsskatt som eit resultat av manglande økonomisk styring. Framtida vil syne om Arena prosjektet er utløysande for innføring av eigedomsskatt. På den måten blir det innbyggjarane som må ta «smellen» igjen!

Driftsbudsjett for Arena prosjektet er det vel ingen som har sett offentleg enno? Kvifor har ikkje dette kome publikum til kjenne? Kanskje har det heller ikkje kome politikarane til kjenne? Kven har ansvaret for det? Er dette noko ein skal «tuske med» på rådhuset?

I Vikebladet av same dato, 17.10.17 ser vi enno ein gong saka om «tomtestriden på Skeide» dukke opp. Utan å ta stilling til dei faktiske påstandane, ser det ut til at assisterande rådmann ikkje har teke kommunikasjonen med eigarane av området godt nok i vare. Eigedomsretten står sterkt i Noreg. Her ser det ut til at assisterande rådmann har «sanninga» klart føre seg, og eigarane bør finne seg i det. Dette kan vere eit godt døme på at «byråkratiet» ikkje lyttar godt nok til andre partar i saka, slik at ein unngår konfrontasjonar der sterke kjensler blir ignorert og saka køyrer seg fast.

Politiske prosessar

I Vikebladet av 23.09. kan vi lese at Eldar Knotten, leiar i Levekårsutvalet i Ulstein vurderte å trekke seg som leiar i utvalet etter den høgst kritikkverdige sakshandsaminga om RUP-bustader i Holsekerdalen. Han syntest at Levekårsutvalet vart ignorert i denne saka, der leiaren meiner at både saksgangen og reglane, er brotne.

I same Vikeblad 23.09. ser vi også eit oppslag om riving av ei løe på eigedomen til Robert Skeide. Saka skapte stort engasjement i lokalsamfunnet, og 400 underskrifter vart sendt over til kommunen mot riving. No synte det seg at eigar og kommune kom til semje i siste fase, og dermed kan løa rivast. Grunneigar slepp kostnader ved riving og får også kompensasjon ved oppsetting av eit nytt reiskapshus. Men der er eit anna viktig moment i denne saka.

Ordføraren ville trekke saka frå kommunestyremøtet. Her sette kommunestyret ned foten. Grunngjevinga var at eit innbyggjarinitiativ måtte takast omsyn til, og då plikta kommunen å handsame saka. Dette er nok eit signal på at innbyggjarinitiativ lett kan verte tilsidesett. Takka vere vakne politikarar skjedde det ikkje denne gongen, sjølv om utfallet vart uendra.

Vikemyra Velforening sende 17.01.17 ein sak til Levekårsutvalet, der ein bad om ei drøfting kring korleis ein skal organisere trygg og god skuleveg i sentrum. Grunngjevinga for å handsame det i Levekårsutvalet, var at denne saka har absolutt betydning for kvaliteten og sikkerheita til skuleborn og i vidaste tyding folkehelsa, no og i framtida. Innsendar bad også om uttale i saka frå FAU ved Ulsteinvik Barneskule og Ulstein Ungdomsskule. Ein meinte det ikkje ville vere rett å overlate sakshandsaminga på ei slik sak berre til teknisk utval. Saka har ei menneskeleg side både for skuleborna sin skuleveg, skuleborna sin kvardag i dagleg ferdsel mellom skule og Arena Ulstein og sjølvsagt også for bebuarane i området. Difor høyrer saka absolutt inn under Levekårsutvalet sitt mandat.

Det har no passert 2 møter i Levekårsutvalet utan at saka har vore til drøfting der.

Ved etterrøking på rådhuset 17.10. fekk innsendar vite at saka var oppe som orienteringssak i Levekårsutvalet i september. Saksgangen etter det er uklar, og ingen kan svare på korleis saka står i dag, 9 månader etter mottak i Ulstein kommune. Dette er nok eit døme på at innbyggjar initiativ ikkje vert teke på alvor med tanke på handsaming og tilbakemelding.

Ved innsendinga av saka 17.01.17 fekk innsendar tilbakemelding frå kommunen slik:

«E-posten er motteken og svar vert sendt deg så snart som råd. Dersom saka ikkje krev sakshandsaming får du tilbakemelding på e-post innan 3 dagar. Dersom svaret krev sakshandsaming, vil det ta noko lengre tid».

I skrivande stund, 19.10.17 har Vikemyra Velforening ennå ikkje motteke nokon tilbakemelding verken skriftleg eller munnleg i saka om «Skuleveg i sentrum»!

Apropos

Politikarane i Sande er vakne på dette feltet, sjå Vestlandsnytt av 06.10.17. Saka gjeld kven Sande skal og vil samarbeide med. Sitat: «Dette er ikkje noko administrasjonen og ordførar kan avgjere åleine». I formannskapet fekk politikarane lovnad om at «ingenting vil bli gjort som kommunestyret ikkje får høve til å vere med på». Så veit vi det frå Sande.

Er dei politiske organa i Ulstein like vakne når det gjeld å «halde administrasjonen i øyra» eller fungerer formannskap og kommunestyret som «sandpåstrøarar»? Fleire signal frå politikarar kan tyde på det. Her har dei politiske folkevalde eit ansvar for å vareta omsynet til innbyggjarane så langt det er mogleg, på ein slik måte at ein styrkjer demokratiet. Det synest som om det trengst ei «oppvakning» i Ulstein kommune. Etatssjefane bør også verte meir audmjuke i sine roller frametter.

Ser også av Vikebladet av 12.10. at leiarane i Ulstein kommune har vore på «inspirerande foredrag» med landslagskaptein Rune Bratseth. La oss håpe at «verdibasert leiing» og «å bygge opp tillit over tid» er moment som gjer inntrykk og fører til gode haldningar hos leiarane!

John Georg Larsen, Ulsteinvik