Under siste kommunestyremøte vart spørsmålet om Ulstein kommune har eit demokratiproblem teke opp. Måten spørsmålet vart reist på og handsaminga det fekk av ordføraren enda opp med at vi fekk eit levande døme på at demokratiproblema i kommunen er høgst reelle.

Då Ottar Kaldhol fekk ordet under spørjetimen, vart det fort klårt at det han førte fram var ein interpellasjon. Kaldhol tok opp eit omfattande, viktig og prinsipielt spørsmål, og ikkje eit avgrensa og konkret spørsmål slik vilkåret er for spørjetimen. I dei vurderingar han gav uttrykk for kom der og kritiske merknader til eit anna medlem av kommunestyret. Då reagerte eg og freista få ordføraren til å handheve reglementet.

Den representanten som vart kritisert ville nemleg ikkje få høve til å forsvare seg - spørjetimen gjev  ikkje høve til debatt. Det er eit grunnleggjande og sjølvsagt demokratisk prinsipp at den som vert utsett for åtak må få høve til å svare for seg på like vilkår. Dette kan umogeleg skje innanfor den ramma spørjetimen har.

På heimesida til Ulstein kommune finn ein «Reglement for Ulstein kommunestyre» her står det forklart kva «Open talarstol», «Spørjetime» og «Interpellasjon» er. «Open talarstol» gjev innbyggjarane høve til å tale direkte til kommunestyret. Der er ikkje høve til debatt etter eit slikt innlegg. «Spørjetime» er for representantar av kommunestyret og gjev høve til å stille avgrensa og konkrete spørsmål. Heller ikkje «Spørjetime» gjev høve til debatt.

Ein interpellasjon derimot, opnar for debatt. «Interpellasjon» eller «Grunngjeve spørsmål» som det og vert kalla, gir medlemer av kommunestyret høve til å ta opp konkrete tilhøve eller prinsipielle spørsmål. Først svarar ordføraren. Den som har reist interpellasjonen får gje eit tilleggsspørsmål og ordføraren har høve til å svare på det. Deretter får andre representantar høve til å ta ordet.

Då Kaldhol melde inn spørsmålet sitt skulle ordføraren sagt at det ikkje passa inn i ramma for «Spørjetime», men måtte takast som ein interpellasjon. Då hadde Kaldhol fritt fått halde interpellasjonen, ordføraren hadde fått svart og resten av kommunestyret hadde fått høve til å gje uttrykk for sine synspunkt og eventuelt svare på kritikk. Det hadde sikkert blitt ei interessant meiningsutveksling som kunne styrka demokratiet i kommunen. Diverre medførte ordføraren si handsaming at dette ikkje vart oppnådd.

Ordføraren kjende til innhaldet i Kaldhol sitt innlegg, men tillèt likevel at det vart halde innanfor ei ramme som måtte medføre brot både på reglementet og med viktige demokratiske prinsipp. Då han vart gjort merksam på forholdet, gjorde ordføraren ikkje noko for å korrigere, men gjekk i staden til åtak på bodberaren – den representanten som sa ifrå om regelbrotet.

Vel vitande om at vedkomande ikkje vill få høve til å svare, kritiserte ordføraren i sitt svar same representanten som Kaldhol hadde gått til åtak på. Slikt vitnar ikkje om respekt for sine medrepresentantar og heller ikkje om grunnleggjande demokratiforståing.

Så ordførar, ja vi har eit demokratiproblem og denne gongen var du er ein del av det.

Håkon Waage, Ulsteinvik

PS: «Open talarstol» er  eit raust og godt demokratisk tilbod til alle i kommunen. Tilbodet har vore der i mange år, men er nok lite kjent. Eg vil på det sterkaste oppmode folk om å nytte seg av ordninga.