Eg vert opprørt, skjemd og rasande ( det er eg sjelden) når eg høyrer kor overfladisk både fagpersoner og politikarar omtalar  dei som er i ein livssituasjon med rett på ein plass, sjukeheimsplass, når den tida er der, forbigåande eller permanent. Det er lovfesta og forankra i etikk, i fag, i lovverk, og det går ikkje an å sjarmere seg frå det, prate seg frå det , teie det i hel eller unnskylde seg, eller prøve seg på ein avleiingsmanøver. Og i år etter år ALDRI få dette realbehovet inn på budsjettet. Det gjeld antal plassar, det gjeld oppgradert pleiefaktor (kompetente fagpersoner), det gjeld å utvikle eit system for kompetente vikarar og innleige,det gjeld forsvarleg antal stillingar,det gjeld oppgradering av personale med kontinuerlige faglige kurs. Å flotte seg i sentrum og ha det eine spektakulære prosjektet etter det andre med så fullstendig svikt i primæroppgaver treff ingen, lenger.

Fagpersonen « spør» , i ein ytterst, ytterst sårbar livssituasjon brukar og pårørande om det er greit å ligge på eit kott. Det er menneskemishandling å plassere nokon på eit kott, uansett alder. Smak på det litt, eit KOTT. Frå eit langt, strevsomt liv i å levere, på ishavet, på heimebane med ungeflokken, på eit kott.Eit spørsmål som aldri skulle bli stilt. Finst det ikkje respekt, fagleg ære og fagstolthet? Kva med å buse inn på kommunestyremøte, slå i bordet og forlange plassar til alle.Det er vi for danna til, men å tilby nokon eit kott, då er vi både udanna nok og på offensiven.

Og politikar med ein unnamanøver om at vi tek imot ferdigbehandla pasientar. Det har vore lovfesta i årevis.

Men der er ikkje noko lovverk om at det skal byggjast arenaer med tre mils mellomrom, men å flotte seg er no så kjekt...

Ein omsorgsbolig, heimesjukepleieteneste, kan aldri erstatte omsorgsplasser/ sjukeheimsplassar og vice versa.Det er ulike nivå av ulikt behov brukaren har på det dåverande tidspunktet i situasjonen. Det er oppsiktsvekkjande at brukarstyrt personlig assistent, BPA og er nedprioritert på budsjettet. Dette er og ein merkeleg manøver når det er eit openlyst behov for denne tenesteytinga frå kommunen.

No må det snart landast for å ta tak i lovpålage oppgåver, så får arenaer og liknande setjast på vent...for det kan vente.

Sjukepleiar

Engasjert? Ta del i diskusjonen. Send inn dine debattinnlegg til redaksjon@vikebladet.no