Ingen tvil, det er eit aktivum for innbyggjarane i Ulstein kommune. Og når vi no har Arena, så håper eg at det vert nytta mest mogleg.

Men, vi kjem ikkje forbi passivasida, – den store gjelda som det påfører oss alle, fattig som rik i heile kommunen. Det kan bli innført i full fart ein eigedomsskatt som i første omgang er på 0,2 promille. I full fart fordi Frp har bestemt seg for denne skatteforma skal forsvinne etter kvart. I første omgang, for 2019, kan satsen settast til 0,1 promille, halvparten av det som gjeld for 2018.

No må vi, etter det Frp har bestemt seg for sentralt, forvente at partiet også lokalt fører den same politikken, – ved å vere kreative og modige nok til å unngå denne skatteforma.

Kommunestyremøtet den 14. desember vert spanande. Har du høve, så møt gjerne opp og følg med kva dei seier og gjer.

På eit budsjett på om lag 514 millionar skal det ikkje meir til enn 1,5 % i innsparing og 1,5 % meir med optimisme til før kommunen har 15 millionar meir å rutte med. Det burde vere mogleg.

Når det gjeld drifta av Arena, er det som nemnt at det vert vel 20 millionar årlege forventa driftskostnader. Derifrå gjeng forventa inntekter med om lag 7 millionar kroner.

Ein del av disse inntektene vil belaste skulebudsjettet etc. Dei pengane kjem også i realiteten frå kommunen. Så det er ikkje så reint lite det kostar å drive Arena.

Netto driftskostnader ser ut til å verte om lag det kommunen får inn på eigedomsskatt.

Ser vi som er på gata (gatas parlament) samanhengen her?

Dersom nokon politikar eller politisk parti gjeng imot innføring av eigedomsskatt, og er kreative til andre løysingar, så skal vi merke oss det, og minne kvarandre på det når vi kjem i valposisjon igjen.

AP og Høgre pressa igjennom bygginga av Arena ved eit fleirtalsvedtak i si tid. Då trass i den høge gjelda til kommunen. Eit stort pluss til dei om dei kunne vise vilje og kreativitet til å unngå innføring av den usosiale eigedomsskatten. Utan tvil vil det bli godskrive dei to partia ved neste valrunde.

Vi les i Vestlandsnytt 24. november: ”Uaktuelt med eigedomskatt”.

”Det store gapet mellom utgifter og inntekter skapar hovudbry for Herøy-politikarane no i innspurten med budsjettet. Eigedomsskatt er likevel ikkje aktuelt å bruke som tettingsmiddel”

Dei skal spare inn 7–8 millionar i generell innsparing på drifta, og opnar for å bruke inntil 12 millionar frå sin oppsparte kapital.

Er det så mykje verre for Ulstein kommune? Innsparingane i Herøy er berekna til 1,75 %

Etatane i Herøy ville gjerne bruke 15 millionar meir. Men politikarane viser vilje til å ”halde dei i øyrene” for å få budsjettet i saman.

Sitat: ” – Vi vil nok greie det vi blir pålagde om å spare, men tøft vert det, forsikrar kommunalsjefane, Renathe Rossi-Kaldhol og Sølvi Lillebø Remøy som er leiarar for dei to store avdelingane omsorg og skule. Sjølv det trykket vi no har krev at det vert jobba annleis og smartare, la Rossi Kaldhol til”

Er vi så mykje dårlegare i Ulstein?

For Høgre i Herøy er det heilt uaktuelt å vere med på å diskutere eigedomsskatt i denne perioden, slo Idar Tarberg fast, og fekk tilslutning frå Frp og KrF. Dermed såg heller ikkje AP nokon grunn til å foreslå den omdiskuterte skatteordninga

Rådmannen i Herøy vil kome med ei sak i til våren, om sal av kommunale bustadeigedomar. Frå formannskapet fekk han signal om også ta med næringseigedomar i same sak.

Er politikarane i Ulstein villige til det same? Eller går vi motsett veg?

Agnar Dag Ulstein,

Ulsteinvik

Ta del i debatten - send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no