Og begeret rann over.  Eit par veltalande representantar av eit av dei mest ”skattekåte” partia, kjem stadig med påstanden  at det ikkje er Arena som har gjort at vi har mykje gjeld.

Dei seier at det er mange gode investeringar, som er gjorde i Ulstein kommune, som er årsaka til den store gjelda.

På ein måte har dei rett. Men kva var det som gjorde at det vart så reint for mykje gjeld.

Ingen tvil, det var investeringa i Arena, der vi til no veit at det er Arena som har skylda i den enorme gjeldsauken. Og fakta er at vi ikkje veit enno kvar den vil ende. Kommunen veit ikkje enno kor mykje meir lån dei må ta opp for å full-finansiere Arena.

Er det det første, andre, tredje osv prosjektet som kommunen har fylt opp i lånebegeret som er heilt uansvarleg, eller er det den investeringa som utan tvil toppa vår lånegjeld  som er uansvarleg handling?

Ein treng ikkje vere politikar for å sjå når det vart reint for mykje i gjeld., og som plasserar Ulstein på topp i gjeld per innbyggjar. Eller sagt på ein annan måte, vi har no dobbelt så mykje gjeld som gjennomsnitt i kommunenorge.

Kva skal vi kalle slik styring?

Nokre parti, som Sp og Krf følte seg nok pressa til å innføre eigedomskatten, som er venta å dekke om lag underskotet i drifta av Arena.

Det er å håpe at dei som har råd til å bruke Arena etter at dei er pålagde eigedomskatt brukar anlegget mest muleg for å redusere underskotet mest muleg.

Har vi som har kjempa imot uansvarlege investeringar i kommunen vunne noko fram med våre standpunkt? Vi klarde ikkje å vekke fleirtalet av politikarane før dei gjekk inn i Arena-investeringane. Som fylgje  av dette klarte vi ikkje å stoppe eigedomskatten.

Men eg har eit inntrykk av at fleire parti forstår no galskapen med denne høge gjelda som vi har pådrege oss. Dessutan har folket, og fleirtalet av kommunestyret har forstått kor urettferdig denne skatteforma er. Og 9 av 25 representantar kjempa på siste kommunestyret for å unngå denne skatten. Det var heile høgre, ein ifrå Frp, og heile venstre.

Min tidlegare kommentar: ”Det er som narkotika. Det er lettare å ta til med den, enn å slutte med den”

Vi får håpe at dei som ikkje likte å innføre eigedomskatt, men som såg seg tvinga til det, at  dei viser i praksis at dei arbeidar for å få den avvikla. Dei to partia som er mest truverdige til å arbeide for avvikling er høgre og venstre.

Venstre er nok mest truverdige her, dei gjekk heller ikkje for den formidable ”gjeldsbomba” Arena.

Har vi meir å kjempe for no når eigedomskatten er innførd?

Mitt svar er eit tydeleg JA. Vi skal kjempe for at den skal avviklast. Vi skal kjempe for at den i neste runde ikkje skal aukast. Vi skal kjempe for at vidare investeringar i kommunen vert sett på vent, - til vi har råd til det. Og det kan ta tid.

Korleis skal vi kjempe?

Vi skal fylgje tett kva kommunen og den enkelte kommunerepresentant stemmer for, som vil belaste kommuneøkonomien vidare. Vi skal kjempe for endring av kven som sit i kommunestyret.

Neste gong, om omlag 1,5 år bør det bli ein del utskiftingar av representantar. Då bør vi få inn fleire som ikkje opphøgder seg sjølv til betre vitarar enn dei som har valt dei. Vi må få inn dei som handlar etter kva veljarane vil.

Og då hjelper det ikkje å bruke høg røyst og skryte av alt dei har fått til med å skaffe kommunen ei høg gjeld.

Førebels får vi fylje med det som alt er gjort. Vi får også sjå kven som frå no av sørgjer for stopp i investeringar, og som går hardt nok fram med innsparing.

Godt nyttår og godt mot folkens. Vi har gode saker å kjempe for.

Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik

Engasjert? Ta del i debatten. Send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no