Det er sagt at statistikk er som ein lyktestolpe, den lyser opp berre eit avgrensa område, men den kan vere god å halde seg i. Over lang tid har det vore diskutert kommunesamanslåing og kommuneøkonomi. Nesten utan unntak er omgrepet gjeld pr. innbyggjar brukt i lesarinnlegg og i redaksjonelle oppslag. Men kva fortel dette talet oss, jau det fortel oss at nokre kommunar har svært mykje gjeld, som Ulstein, medan andre har mindre, og nokre har lite gjeld. Men det er også alt det fortel oss. Det fortel nesten ingenting om kommuneøkonomien, då må vi kjenne inntektene. Gjeld er isolert sett ikkje eit problem, dersom den kan betenast.

Register om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK) fortel oss mykje meir om kommuneøkonomi. Det er kommunar som er i økonomisk ubalanse som hamnar på den lista, og må ha godkjenning frå Kommunaldepartementet både for låneopptak og leigeavtalar. Dei er sette under administrasjon av staten.

Då skulle ein kanskje tru at dei kommunane med høgst lånegjeld pr. innbyggjar er å finne att på ROBEK-lista. Men slik er det ikkje. Ingen av dei fem kommunane som toppar lista over gjeld pr. innbyggjar, finn ein att på ROBEK-lista. (2017)

På gjeldslista ligg Ulstein på tredjeplass med ei gjeld pr. innbyggjar på kr.151639,-. Det er grunn til å tru at dette talet vil auke noko.

ROBEK-lista pr. november 2017 viser at fire kommunar i Møre og Romsdal er på lista. Gjeld pr. innbyggjar i parentes. Ålesund (kr.77785,-) Sande (kr. 83133,-) Stranda (kr.136 215,-) Giske ( kr.112000,-) Stranda ligg på ellevte plass i gjeld pr. innbyggjar.

Ser vi ut om fylkesgrensene finn vi Nordlandskommunen Meløy, med kr. 53753,- i gjeld pr. innbyggjar. Hobøl i Østfold har berre kr. 33814,- i gjeld pr. innbyggjar, medan bykommunen Halden har kr.60721,- i gjeld pr. innbyggjar. Alle tre kommunane har veldig lite gjeld pr. innbyggjar, men alle er på ROBEK-lista (2017).

Mitt poeng er at det er umogeleg å bruke denne lista over gjeld pr. innbyggjar for å danne seg eit bilde av ei kommune sin økonomi.

Skal ein ha ein reell og fruktbar diskusjon om kommuneøkonomi, må vi kjenne inntektene og evna til å betene gjelda. Det er det som bør interessere oss, og som må vere utgangspunkt for diskusjonen.

(Gjer merksam på at tala om lånegjeld er dei sist kjende frå Statistisk Sentralbyrå. ROBEK-lista henta frå Kommunaldepartementet frå november 2017)

Knut Arne Høyvik

Engasjert? Ta del i debatten. Send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no