Eg ser at kulturkontoret har flytta inn i nye, leigde lokaler på Sjøsida. Dei får det sikkert fint der.

Eg undrar likevel på kvifor kommuna ikkje pussar opp bygget på Geileneset eller Bjørndals Minne, slik at dei kan nyttast? No ser det ut som om dei står meir eller mindre tomme og på skade!

Husleiga på Sjøsida er nok ikkje ubetydeleg. Kunne ein investert litt i noken av desse bygga og brukt dei til kontor? Ein kunne evt. selt bygget/tomta på Geileneset for å finansiere oppussing av Bjørndals Minne. Er dette noko som i det heile har vore vurdert, eller er det kun fokus på å få nye, moderne lokaler som har vore gjeldande.

Har ein i det heile nokon planar med desse bygga, eller skal dei berre stå til nedfalls? Vedlikehald og nytte ser iallfall ikkje ut til å bli prioritert?

Kan nokon i administrasjonen eller i politisk leiing i kommunen svare på dette?

Vinjar Vikanes, Ulsteinvik

Har du eit debattinnlegg? Send inn til redaksjon@vikebladet.no