Som leiar for trimgruppa i Hjørungavåg Idrettslag og som innbyggjar i bygda, har eg stillt meg undrande til at formannskapet i Hareid kommune har vedteke å sprenge vekk Engeskartunellen. Her er mange spørsmål som eg vonar representantene i kommunestyret må vurdere nøye før dei tek stilling til saka 15.mars.

I dag er vi svært opptekne av å ta vare på naturen ut frå estetiske verdiar. Ei slik skjering i fjellet vil vere svært skjemmande. I samband med eventuelt denne framgangsmåten, må det også settast opp sikringsgjerde på begge sider av skjeringane. Dette gjer det enda meir skjemmande.

Løypenettet i området vert og sterkt råka. Råsa til Ulsettua vert borte, og ny tilknyting vert bratt og vanskeleg.

Fjerning av tunellen vil også kome i konflikt med eitt av våre kjæraste kulturminne i bygda, nemlig den gamle ferdselvegen til Alme over Engeskaret. Vil fylkesmannen godkjenne dette ut i frå verneverdige kulturminne? Eit kjært minne frå eigen barndom er nettopp frå dette området; ein søndagstur med hest og kjerre over Engeskaret til Alme, vidare over Almskleiva og så attende til Hjørungavågen over Ulset. Det var stort for oss ungane, reine Amerikaturen den gangen. Sletta over tunellen har også vore ein samlingstad for ungdommen, samt vore brukt til17.mai feiring.

Dei som bur på Alme, samt alle oss andre som nyttar vegen til rekreasjon, må sjølsagt få ein god og sikker veg gjennom Engeskaret. Men det kan ein få ved å utbetre tunellen. Dette vert og billigare.

Eg vonar at Hareid kommunestyre vil tenkje nøye over desse momenta som er sentrale for oss som bor i bygda. Hugs at det som forfedrane våre brukte år på å bygge opp, kan notida øydelegge med eit pennestrøk. Det er sårande når ein istaden for å ta vare på kulturminna, vil gjere slike stygge inngrep i naturen.

Ottar Pilskog, Hjørungavåg

Noko du er engasjert i? Ta del i debatten. Send inn dine debattinnlegg til redaksjon@vikebladet.no