Kr 1200 i timen? Det er nærmast ei dagslønn for andre. Då kan det vere interessant å spørje, om rådmann Arset kanskje selde konsulenttenester til Ulstein kommune også til denne timeprisen under sitt amerikaopphald? Han står no fritt til det frå eige firma, men har kommunen tatt seg råd til dette frå ein tilsett i permisjon?

Ulstein kommune gjekk av mange ulike årsaker ut av 2017 med eit underskot som no skal sparast inn. Då er det berre å kvitte seg med rådyre konsulentar å gjere jobben sjølv til ei meir «normal» timelønn.

I Vikebladet 2.2.18, kunne ein også lese «at Ulstein sokn har planlagt 3–4 møte med Snøhetta i løpet av 2018. Møtekostnadene er på rundt 100 000 kroner. Desse pengane tar soknet frå investeringsmidlane til Ulstein nye kyrkje som er avsett for 2018. Og arbeider med detaljregulering for Ulstein nye kyrkje vidare etter eit estimat for kostnadene frå eit lokalt firma.»

Bukken og havresekken igjen?

Det er ei spesiell sak når Ulstein kommunestyre har vedteke å setje av 2,8 millionar i investeringsbudsjettet til Ulstein nye kyrkje. Heldig for soknet at vedtaket vart gjort i eitt anna budsjettår enn det vi no står i. Men det kan vere interessant for innbyggarane å få kjennskap til om representantar i dette «lokale firmaet» som soknet nyttar, kanskje også har ein arbeidsplass i kommunestyresalen?

Og på heimesida til Ulstein kan vi lese at det vert rettssak «grunna tvist om storleiken på rådgjevarhonorar frå prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena». Det kan verte lenge å vente både for politikarar og innbyggarar på sluttsummen for dette nybygget og med fare for ny auke i kostnadsramma. Men bygget står ser, so betalast må det uansett utfall av rettssak.

Samstundes som innbyggarane får kjennskap til ulike former for kommunal pengebruk som dukkar opp (og kanskje enda verre det som ikkje dukkar opp), skal det sparast og skjerast ned på tilboda til den enkelte innbyggar. Og folk må gjerne for eigen del sei dei betalar eigedomsskatt med glede etter all flott satsing og utbygging av Ulsteinvik sentrum. Men det er ikkje alle som av ulike årsaker får ta del av desse goda og herlegheitene, like fullt må dei vere med på spleiselaget.

Alle forstår godt at det må sparast når det er brukt for mykje pengar over for lang tid, slik er det også i privatlivet. Problemet for administrasjon og lokalpolitikara er å få forståing for slikt forbruk når summane er av ein slik uforståeleg storleik. Då verte dugnadslysta og forståing for omlegging og innsparing på tenester, brått litt svekka for mange.

Turid Mette Dimmen

Noko du engasjerer deg i? Send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no