Vi som har underteikna dette skrivet reagerer kraftig, til liks med folk flest i Hareid, på Fjord1 og Norconsult si utforming og plassering av bygningane for batterilading av el.ferjene som skal gå mellom Hareid og Sulesund frå 1. januar 2019.

Dei føreslegne bygga vil bli skjemmande for området, og vil redusere utsikta til fjorden og hamna i vesentleg grad. Vi meiner noko slikt ikkje høyrer heime ved den fine og mykje brukte promenaden langs sjøkanten. Det gjer ikkje saka betre at plasseringa er planlagt på det einaste grøntarealet i området. Vi meiner det fins andre og betre løysingar enn dette.

I Hareid sentrum startar kommunen dette året opp eit treårig, omfattande oppgraderingsarbeid av Kjøpmannsgata og opparbeiding av parken i Åsendalen. I tillegg er sentrumsforeininga Hafest i gang med fleire trivselsprosjekt der Statens vegvesen og er med på laget, og vil oppgradere sitt område ved ferjekaia og trafikkterminalen. Alt dette blir gjort for å skape eit sentrumsmiljø med større trivsel for innbyggarane. Skjemmande batteribygg for el.ferjene er såleis det siste vi treng, og etter vår meining heilt uakseptabelt slik det no har vorte presentert.

Vi krev difor at det snarast blir utarbeida eit betre forslag. Løysinga må vere kreartiv og ha ei utforming og plassering slik at det kan vere eit løft for miljøet i hamneområdet. Planane som no ligg føre, vil øydelegge området og bli eit konstant irritasjonsmoment for folk som bur og ferdast i Hareid sentrum.

Vi oppmodar Formannskapet om å forkaste planane som no ligg føre, og kreve at Fjord1 legg fram nye og betre løysingar, der hamnemiljøet i framtida er sikra på ein miljømessig og berekraftig måte.

Arild Grimstad, Leiar Hafest

Idar Flø, Leiar Hareid Næringsforum

Stein Erik Flø, Leiar Hareid småbåtlag

Svein Johs. Flø, Hareid pensjonistlag

Heidi Kvalsvik, Leiar Hareid Frivilligsentral

Sverre Jarl Ulstein, Leiar Hareid Rotary

Asbjørn Vatne, Leiar  Hareid Eldreråd

Les også:

Ja til batteribygga

– Dei har ikkje tatt signala frå oss på alvor

Meiner batteribygga forsvinn i tungtrafikken

– Det siste Hareid treng