Kvar 17.mai og på festivaldagar finn vi ballongseljarar i Ulsteinvik. Ballongseljarar med fargerike ballongar med helium. Like ofte ser vi også ballongar som flyg opp mot himmelen. Desse finn vi att i havet eller i fjøra – for det er i naturen dei hamnar. Dette gjeld dessverre også ballongar som ikkje vert selde.

Både på kommunalt, nasjonalt og internasjonalt nivå har det i den seinare tid blitt satt fokus på den alvorsame situasjonen i verda når det gjeld forsøpling av plast i både havet og på land. Det er også eit problem at vi brukar helium til desse ballongane. Helium er ikkje eit fornybart grunnstoff, men ein avgrensa ressurs som det vil ta jorda millionar av år å skape att. Fysikar og nobelprisvinnar Robert Richardson meiner at om vi fortsett å sløse med helium slik vi gjer no, vil verdas heliumlagre vere tomme i laupet av 25-30 år.

- Venstre har no vedteke internasjonale og nasjonale strategiar for å hindre plast i havet, og då er det på tide å også gjere noko lokalt ved å forby heliumballongar, seier Charlotte Hauge, leiar i Ulstein Venstre.

Ulstein Venstre ønskjer at Ulstein kommune vedtek eit forbod mot sak av heliumballongar på kommunal grunn og sørgje for at dette kjem inn i politivedtektene slik at forbodet kan handhevast. Forslaget vil bli sendt til kommunestyret.