Endret: 18.04.2010 kl. 14:26
Det internasjonale energibyrået (IEA) la nyleg fram ein rapport som tek opp kva som må til for å nå FN sine klimamål og unngå ein gjennomsnittleg temperaturauke på meir enn to grader. Analysane viser eit stort investeringsbehov innan energiøkonomisering og miljøvennleg energi, noko som skaper ein sterkt veksande internasjonal marknad for miljøteknologi.
Norsk industri har gode føresetnader for å bli leiande innan grøn teknologi. Leverandørindustrien og verftsindustrien ligg på verdstoppen når det gjeld kompetanse og teknologiutvikling. Enkelte bedrifter i bransjen er alt i ferd med å utvikle nye produkt for miljøteknologimarknaden. Det gjeld blant anna botnfaste havvindmøller og spesialskip til montasje og vedlikehald av havvindmøller.
Norsk prosess- og materialindustri er også av høg internasjonal standard, blant anna fordi han tidleg satsa på reinseteknologi og energieffektivisering.
Grøn teknologi er ikkje ei nisje. Det er eit nytt hovudspor for industrien, ikkje minst i eit teknologisk avansert land som vårt. Noreg har spesielle føresetnader for å ta ein leiande posisjon på dette området som er viktig både for verdiskaping og for klima og miljø. Norsk industri vart tidleg stilt overfor miljøkrav. Den tok utfordringane og utvikla gode miljøløysingar kombinert med meir effektive prosessar og meir spesialiserte produkt.
I dag har vi ein industri med høg fagleg kompetanse på alle nivå i organisasjonen, noko som gjer han veleigna for satsing på grøn teknologi. Den breie kompetansen er viktig når vi skal utvikle nye miljøvennlege produkt og prosessar. Slikt utviklingsarbeid er også avhengig av risikovillig kapital. Derfor er det behov for samarbeid mellom næringslivet og det offentlege, og Noreg har ein lang tradisjon for slikt samarbeid. Vi har eit omfattande forskingsprogram for miljøvennleg energi, og vi er i ferd med å få på plass gode garantiordningar for eksport av miljøteknologi.
Det er viktig å få fram at industrien kan bidra til å løyse klima- og miljøutfordringar, og at klimasatsinga skaper nye mulegheiter for industrien vår.
Olav Hauge
Leiar i Møre og Romsdal SV
