I ei børsmelding frå Rolls-Royce går det fram at Marine-divisjonen må kutte nye 400 arbeidsplassar på verdsbasis. Dette kjem i tillegg til dei 600 tilsette selskapet tidlegare har gått ut med.

Ifølgje Smp.no veit ikkje Rolls-Royce Marine i Norge meir enn det som kjem ut i børsmeldinga frå England og det er derfor ikkje klart om dei nye kutta vil gå utover norske arbeidsplassar.

- Det er aldri ei enkel avgjerd å redusere arbeidsstokken, men med den kontinuerleg låge oljeprisen, og med behovet for å verte meir konkurransedyktige, betyr det at det har blitt naudsynt, om vi skal klare å bygge eit sterkt grunnlag for vekst i framtida, heiter det frå Mikael Makinen, president i Rolls-Royce Marine.