– I tillegg vil det bli permitteringar. Etter nedbemanninga vil det vere rundt 120 tilsette offshore, seier kommunikasjonssjef Jan Roger Moksnes i Subsea 7 til Stavanger Aftenblad.

Subsea 7 sette allereie i mai i gong eit ekstensivt spareprogram, og reduserte då flåten med 11 båtar. Samstundes blei 2.500 stillingar kutta på globalt plan. I Norge mista 180 jobben, og med dei 70 som no blir oppsagde er selskapet oppe i 250 oppseiingar.

Dei som misser jobben får tilbod om sluttpakkar, opplyser selskapet om.

DNB Markets har ut av alle oppseiingar på eitt og eit halv år utarbeida ei oversikt over det totale talet på stillingar i oljebransjen som forsvinn. Dette talet nærmer seg no 25.000. Det skriv VG.