- Ut frå artikkelen kan det sjå ut som om vi no umiddelbart skal til med store utbyggingsprosjekt på Kleven Verft. Det stemmer ikkje. Vi har siste åra gjennomført store investeringar og utbyggingar på anlegget. Detaljreguleringsplanen som det vert vist til, og som no skal ut på høyring, er del av eit langsiktig arbeid med å sikre at areal og planverk ikkje er til hinder for eventuelt framtidig utvikling av anlegget. Det er altså ikkje snakk om at vi skal sette i gang nokon av desse utbyggingane no, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund til Vikebladet Vestposten.

Detaljregulering

I kommunale dokument kjem det fram at Kleven har planar om å endre kommunal veg frå fylkesvegen, og å etablere gang- og sykkelveg langs denne. Tilkomstveg frå kommunal veg til verftet skal også endrast. Og det skal etablerast vegetasjonsskjerm mot nord og sør. Det skal byggjast fleire bustadbrakker og nokre skal flyttast. Det skal fyllast ut i sjø for ei ny kai og tørrdokk med tilhøyrande høghall. Det skal også lagast ny produksjonshall, nytt administrasjonsbygg og meir parkering. Tilkomsten frå fylkesvegen skal flyttast om lag 170 meter mot sør. Det vart i juni i år vedteke varsel om oppstart av detaljregulering for Kleiva. Det har kome inn 8 innspel.

I sommar vart det gjennomført arkeologisk registrering. Det vart gjort eit funn, men det vart gjeve løyve til inngrep gjennom dispensasjon frå kulturminnelova.

Saka skal opp i teknisk utval i Ulstein kommune no på onsdag (14. oktober). Kommunalsjef teknisk rår til at utvalet legg detaljreguleringa ut til offentleg ettersyn i seks veker. Men, det er altså ikkje bestemt at utbyggingane skal skje enno.