- Uansett kva slags bransje dei kjem tilbake til etter enda utdanning så har dei erfaringa frå verft. Då har dei forståing for korleis eit slikt prosjekt blir til, frå botnen av, og korleis dei løysast. Dette er ikkje berre fantastisk gode ordningar for verfta, det er gode ordningar for heile bransjen, sa kommunikasjonssjef i Kleven, Ellen Kvalsund, til Birgitte Jordahl.

Det var noko statssekretæren i Kunnskapsdepartementet var heilt einig i.

- Eg er glad for å kunne besøke dykk her dykk arbeider, og ser at dette med TAF- og lærlingordningane er viktig både for dykk og for arbeidsstaden. Norge er ein av dei verdsleiande nasjonane innanfor maritim sektor, og det er mykje av det som har med det finansielle som ligg i Oslo. Men det vi seier er at vi treng folk som har vore på plattformane, offshore, eller på verfta. Folk som har dette under huda. Det er det vi prøver å legge opp til ved tettare samarbeid mellom arbeidsgjevarane og skulane, sa Jordahl til tre lærlingar som var med ho og fleire tilsette i Kleven på ein rundtur på verftet.

Verdifull erfaring

Jordahl fekk prate mykje med dei tre, som var Kathrine Furnes, Anders Rochmann Sundet og Sondre Ekornesvåg. Alle lærlingar i Kleven, på ulike trinn og ulike vis. Furnes går tredje året ved TAF-lina på Ulstein vidaregåande skule og vil bli ingeniør, Anders er lærling og held no på med sitt andre fagbrev utanom industrimekanikar, fagbrevet som industrirørleggjar. Sondre er lærling på andre året og skal ta fagbrevet som industrimekanikar.

- Det er tøft å byrje rett i arbeidslivet slik som vi har gjort, når ein er 16 og 17 år gamle. Men, når ein er ferdig med lærlingtida har ein mykje verdifull erfaring med seg, fortalde Kathrine Furnes til statssekretæren.

Roger Vågen, som er ein av dei som er ansvarlege for oppfølging av lærlingar i Kleven, var også med på rundturen. Han og dei tre som er blant dei han har ansvar for, følgde spent med på det statssekretæren hadde å spørre om.

- Det er veldig kjekt at statssekretæren ville kome hit til oss og prate med oss lærlingane også. Det er bra at dei får fokus på det praktiske arbeidet i arbeidslivet, seier Anders Rochmann Sundet.

- Det har kanskje ikkje komt så mykje i søkjelyset før no dei siste åra, fortel Sondre Ekornesvåg.

- Må gjenreise fagarbeidarstatusen

Statssekretæren blei invitert av Norsk Industri til å halde eit innlegg, og tok seg difor ein tur til Kleven Verft for å hente inspirasjon, og møte TAF-elevar og lærlingar, samt dei ansvarlege for lærlingane på verftet.

- Yrkesfag er noko av det mest spanande eg pratar om, og det er imponerande å sjå korleis det med TAF- og lærlingordningar vert gjort ved Kleven. Det er stort gap mellom det behovet Norge har for kompetente fagarbeidarar og det vi faktisk klarer å utdanne. Det må vi gjere noko med, og då må vi gjenreise den gode fagarbeidarstatusen. Den har forsvunne meir og meir, og det er det absolutt ingen grunn til. Dette er ein gjeng unge, medvitne ungdommar som ønskjer å skaffe seg ei god utdanning, seier Birgitte Jordahl til slutt.