Ulstein-baserte Island Offshore har mange jarn i elden for tida, sjølv i tronge tider. No har selskapet høgst truleg funne ein ny boremetode som kan kutte borekostnadane til oljeindustrien i stor stil.

– Mange oljeselskap har vist stor interesse for dette, no etter at Centrica-jobben vart ein suksess, seier Per Buset, operasjonssjef ved Stavanger-kontoret til Island Offshore til Vikebladet Vestposten.

Starta med vegvesenet

Før Statens vegvesen kunne setje i gong det store Rogfast-prosjektet måtte berggrunnen under Boknafjorden kartleggjast. Difor trengde ein steinprøver frå svake soner ved tunneltraseen. Fordi det er så djupt her, måtte sjølve boringa gjerast frå ei flytande innretning. Island Offshore, saman med VTT Marine og Baker Hughes, fekk anbodet. Island Offshore føreslo så å nytte ein boremetode dei hadde tenkt på lenge, men ikkje hadde fått testa ut på noko.

– Det har vore ei bevisst og innovativ satsing frå Island Offshore sidan 2009 at ein skulle få til dette med å køyre kveilerør ned i produserande oljebrønnar ein gong i framtida. Måten å gjere det på i dag er å bruke eit marint stigerør frå ein rigg, som ein matar kveilerøret ned i. Men, dette er dyre og tidkrevjande operasjonar. Vi ville i staden køyre kveilerøret i open sjø og rett ned i ei innmatingsmaskin på havbotnen, som pressar røret ned i grunnen, fortel Per Buset.

Det var heilt tilfeldig at det blei Statens vegvesen Island Offshore måtte teste dette ut med, for å få kvalifisert teknologien.

– I september 2014 bora Island Performer tre hol i grunnen i Boknafjorden, med godt resultat. Då vakna oljebransjen for alvor, fortel Buset.

Suksessfull jobb

Over hundre besøkande frå oljebransjen kom for å sjå på pionerprosjektet til Island Offshore i Boknafjorden. Oljeselskapet Centrica Energy Norge fatta med ein gong interesse, kontakta Island Offshore, og er no det første selskapet som har nytta metoden offshore på verdsbasis, i eit pilothol for grunn gass på Butch-feltet i Nordsjøen.

– Folk i oljebransjen forstod at den same teknologien kunne nyttast for å bore øvste del av ein brønn for sjekke om det var grunn gass der. Slik gass ligg svært grunt, og ein må vere førebudd på å kunne handtere den, seier operasjonssjefen.

Operasjonen skulle eigentleg ta 7 dagar, men var gjort på 4 dagar, og det blei ikkje funne grunn gass.

– Heldigvis for Centrica. No kan boreriggen kome inn og starte boringa av produksjonsbrønnane i forvissing om at det er fritt for gass der, seier Buset.

Sparar mykje pengar

Flytting av ein rigg og anna utstyr nede på havbotnen, fordi ein finn grunn gass, er steindyrt, fortel Buset.

– Ein kan snakke om fleire hundre millionar kroner i verste fall. Alternativet til vår nye metode var å nytte ein konvensjonell borerigg. Anslaget til Centrica er at dei sparte mellom 30 og 50 prosent ved å nytte vår metode, samt at tryggleiken er vesentleg forbetra, seier Per Buset og legg til:

– Det er arbeid nede i produserande brønnar som er målet med denne satsinga, og det håpar vi kan skje i 2018. I mellomtida vil det nok bli bora fleire «grunne» brønnar med det eksisterande utstyret for å sjekke for grunn gass.

Her ligg Ulstein Verft-bygde Island Constructor under mobilisering, før det segla ut på Butch-feltet i Nordsjøen. Der nytta ein ny boreteknologi til å sjekke om produksjonsbrønnane ikkje hadde såkalla «grunn» gass i seg. Oljeselskap frå heile verda er no interesserte i metoden. Foto: Island Offshore.