I 2010 vart Fjord 1 Transport AS solgt til Firda Billag i Førde. Selskapet med hovudkontor i Ålesund og med kontor på Hareid, Stryn, Sogndal og Otta fekk namnet Transferd.

No har ei lokal gruppe, Lars Elling Bjåstad, tidlegare administrerande direktør i Fjord 1 Transport, Nils Anders Larsen i Larsnes Transport AS og Arne Langset i Veøy AS bestemt seg for å kjøpe den sunnmørske delen av Transferd tilbake til Ålesund.

I ei pressemelding frå Bjåstad & co går det fram at meir enn 80 personar er med over i det nye selskapet.

- Dette vil vere grunnlag for eit lokalt eigd selskap stasjonert i Vegsund, som vil satse sterkt på å utnytte det etablerte nettverket av distribusjonruter, langtrafikkar, spesialtransportar, terminaltenester med meir, over heile sunnmøre og ellers, heiter det i meldinga.

Lars Elling Bjåstad som blir Adm.Dir i det nye selskapet uttalar at han har stor tru på at samordning av transportressursane vil vere ein avgjerande faktor  for å lykkast i framtida når marknaden på fleire felt er vorten meir krevjande. Også miljømessig vil samkøyring av transportressursar ha stor effekt dersom ein lykkast med å etablere effektive og robuste trafikkar som kan nyttast av alle transportbrukarar.

Det nye selskapet vil ha nettopp dette som eit av sine strategisk viktige områder, og vere ein nøytral part som tilbyr transporttenester  på tvers av tradisjonelle konkurrentar.

Selskapet vil vere i drift med dei nye eigarane frå november/desember 2015, og vil umiddelart starte omstillinga av selskapet i tråd med sine målsettingar. Namn på selskapet er pr i dag ikkje klart.