Ved utgangen av september hadde Island Offshore ei samla gjeld på 9,7 milliardar kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.

Avisa skriv at reiarlaget til Morten Ulstein-familien no har henta inn meklarhusa Carnegie og DNB Markets som finansielle rådgivarar og ønskjer å få utsett betalinga av ein del avdrag. Selskapet ønskjer òg aksept for at dei ikkje oppfyller alle vilkåra i låneavtalane ei tid framover.

Reiarlaget hadde i tredje kvartal driftsinntekter på 711 millionar kroner og eit driftsresultat på 262 millionar kroner. Resultatet før skatt vart 58 millionar kroner.

Kvartalssinntektene var dei nest høgaste reiarlaget har hatt, ifølgje Skipsrevyen.

Flåteutnyttinga i tredje kvartal var på 77 prosent inkludert skip i opplag.

Selskapet har elles ein bokført eigenkapital på litt over tre milliardar kroner. Når flåteverdiane blir rekna med, er den verdijusterte eigenkapitalen på 4,15 milliardar, ifølgje Dagens Næringsliv.

Island Offshore er med sine 28 skip det femte største offshore service-reiarlaget i Noreg etter Dof, Farstad, Solstad og Siem.