Ordninga inneber at tre tilsette deler på same stilling framfor at det er to skift som i dag, fortel Maritime.no. Fleirtalet av dei tilsette i Eidesvik har allereie sagt ja til forslaget, og no har også sjømannsorganisasjonane gitt tilslutning til avtalen.

Tiltaket sparer ikkje reiarlaget for pengar, men ved å gå over frå 1:1 til 1:2-turnus ønskjer reiarlaget å hindre fleire oppseiingar og halde på kompetanse. Dei tilsette som blir del av ordninga, går ned 29 prosent i lønn. Ordninga gjeld til saman fem– seks skip, melder nettavisa.

Dei tilsette på land har godteke lønnsfrys i oppgjeret i år, og leiinga tek ikkje ut bonusar. Eidesvik har ifølgje Maritime.no 500 tilsette.