52 verftsarbeidar organisert gjennom Fellesforbundet ved Ulstein Verft er per i dag permitterte. Fleire må ut i løpet av dei neste vekene, og totalt vil rundt 70 arbeidarar vere permitterte i midten av desember.

- Det er absolutt ikkje nokon god situasjon dette. Det ballar berre på seg til lengre tid det går utan nok arbeid, seier Bjarne Pettersen, klubbleiar for Fellesforbundet ved Ulstein Verft.

Som også poengterer at det er fleire som ikkje er organiserte gjennom Fellesforbundet, eller som er organiserte i andre forbund, som er permitterte.

Stille etter at giganten blir overlevert

I helga skal giganten Island Venture, eit offshore konstruksjonsskip, overleverast til oppdragsgjevarane Island Offshore og Edison Chouest Offshore. Etter dette blir det stille i nesten ein månad framover.

- Denne båten jobbar vi no hardt med å få ferdig til overlevering i helga, og etter dette vil det bli nok ei utfordrande ei tid framover.

To nye båtar skal byggast

Det blir derimot ikkje heilt tørt, for 21. desember kjem det første av i alt to nye skrog til Ulstein Verft. I januar i år kunne Ulstein Group nemleg fortelje at det tyske gigantreiarlaget Bernhard Schulte hadde bestilt to nye skip som skal ut i marknaden for offshore vindkraft. Skipa skal gjere servicearbeid på vindmøller som Siemens byggjer utanfor kysten av Nederland og Tyskland. Arbeidet på det fyrste skroget kan ta til allereie kort tid etter at det er på plass i Ulsteinvik.

- Desse båtane skal etter planen vere ferdige mot slutten av neste år, eller i starten av 2017. Det vil føre til at ein god del av dei som no er permitterte kan komme tilbake igjen på jobb over nyttår, seier Bjarne Pettersen, som legg til:

- Dette endrar ikkje det faktum at vi snart burde få på plass fleire kontraktar. Det blei mindre arbeid i år enn vi hadde håpa på, og vi er spente på kva som skjer i tida framover. Det hadde vore veldig kjekt å få på plass ei ny kontrakt før jul.

Permitteringsreglane gir hovudbry

Det er eit kjent faktum at dagens permitteringsreglar gir ein maksimal permitteringsperiode på 30 veker. Ulstein Group er mellom dei som har ivra for at ein som ei mellombels løysing aukar denne til 52 veker. Det har så langt ikkje ført til ei endring.

- Vi er litt utsette i forhold til permitteringsreglane. Det som er så leit, er at dersom det no plutseleg skjer endringar, og permitteringsperioden blir auka, så blir det diverre for seint for mange. For mange er dei 30 vekene det er snakk om brukt opp i februar og mars neste år. I verste fall blir det då oppseiingar som følgje av dette, og det er ikkje ønskjeleg i det heile, seier Bjarne Pettersen.

Desse 30 vekene gjeld i tillegg i løpet av ein 18 månaders periode, noko som betyr at om nokre kjem inn igjen over nyttår, og må permitterast igjen neste jul om der ikkje er arbeid, så har ein berre igjen dei vekene ein ikkje var permittert sist.

- Det blir ei tung tid fram mot jul. Tankane går også mykje på det at permitteringsreglane ikkje blir endra, og det blir tyngre og tyngre for kvar dag som går, seier klubbleiar Pettersen til slutt.

Desse to båtane skal Ulstein Verft bygge for Bernhard Schulte. Foto: Illustrasjon/Ulstein Group.