Ein ny rapport frå Møreforsking slår fast at ferjedrifta i Møre og Romsdal er kraftig underfinansiert.

– Det kan tyde på at ferjedrifta er over 30 prosent underfinansiert jamfør den normale kostnadsutviklinga som ligg i dei andre overføringane til fylka, seier leiar av kontrollutvalet i Møre og Romsdal, Anders Riise, til NRK.

Bakgrunnen for rapporten er at kostnadene knytt til ferjekontraktane i fylket har auka. Det er ei stor utfordring for fylkeskommunen, og kostnadene er venta å auke kraftig i åra som kjem, konkluderer rapporten.

Riise peikar også på at konkurransen om ferjekontraktane er for liten. Det er svært uheldig og kostnadsdrivande for fylkeskommunen, meiner han. Dei siste åra er det berre reiarlaga Fjord1 og Norled som har konkurrert om kontraktane.

– Her bør vi ta grep. Det gjeld både lengda på kontraktar, korleis ein innrettar kontraktane og om ein skal eige eller drifte. Det er moglegheiter for å kunne påverke dette slik at andre aktørar enn dei som alt er inne i dag kan kome inn på likeverdige vilkår, seier Riise.

Han meiner fylkeskommunen må starte tidlegare med anboda for å få betre kontraktar og ein betre konkurransesituasjon.

– Vi ser at tida fram til kontraktane vert sett i verk er for kort. Det er forstyrrande og hindrar at nye aktørar kan kome til, seier Riise.