Reiarlaget Remøy Management AS, som står for den tekniske drifta av fire marine- og kystvaktskip, saksøkte Forsvaret for rundt 10 millionar kroner til dekning av ekstra utgifter, men tapte i tingretten.

Dommarane i Bergen tingrett legg ikkje skjul på at dei er sterkt ueinige med argumentasjonen til reiarlaget Remøy Management, skriv Bergens Tidende.

Selskapet gjekk til sak etter at ein ny tryggingslov i 2009 førte til nye krav til dei fire skipa, noko som har ført til kostnader selskapet meinte det ikkje skulle dekkje.

Remøy meiner selskapet over natta blei ansvarleg for ekstrakostnadene. Retten meiner derimot at reglene var godt kjent, ikkje minst for Remøy, som har leigt ut kystvaktfartøy i 35 år. I dommen står det at det er «utvilsomt» at Forsvaret og Remøy hadde ei felles forståing om krava då kontraktane blei inngått og at dei er omtalt i dokument i åra 2004, 2005 og 2006.

Selskapets advokat, Knut Sverre S. Andresen, seier klienten hans er ueinig i konklusjonen frå tingretten og no vurderer om dei skal anke.