Norges Rederiforbund fryktar at fleire offshorereiarlag vil bukke under i kjølvatnet av oljesmellen.

Administrerande direktør Sturla Henriksen i Noregs Rederiforbund seier til TDN Finans at oljeserviceselskapa som er organisert hjå dei gjer det dei kan for å overleve.

– Me har gått frå ein situasjon med null skip i opplag ved inngangen av året og kjem til å passere hundre innan året er over. Inntektssida er det ho er, og ho for lita jamfør kapasiteten i flåten, seier Henriksen.

Han seier det er eit uttrykk for ein svært krevjande situasjon, og at offshorereiarlaga gjer det dei kan for å overleve på kostnadssida gjennom å nedbemanne, sende skip i opplag og kansellere nybygg.

– Nokre selskap kjem til å sjå på samanslåing, og me må sjølvsagt vere budde på at ikkje alle vil overleve dette.

Ifølgje opplagsregisteret til maritime.no ligg det per dags dato 89 offshore serviceskip i opplag